Kvifor ikkje DELK?

Å svare på eit spørsmål om kvifor DELK ikkje er eit aktuelt val av trussamfunn for meg, vil som du kanskje forstår bli meir personleg enn teologisk. Difor lyt eg starte med omvendinga mi i 1997, for der starta ei trusvandring som gjekk frå Den norske kyrkja til Misjonssambandet og vidare over i karismatisk kristendom. Der var eg forholdsvis lenge, men etter ti år med skiftande protestantiske lærer, kom lengselen og erkjenninga av tradisjonen som tolkingsnøkkel til Bibelen. Ja, for var det noko eg verkeleg lærte i protestantiske krinsar, så var det at alt blir tolka – uansett. Difor blei det store spørsmålet til slutt å finne ein brukbar tolkingsnøkkel, og den einaste gangbare er nok den udelte kyrkja sin tradisjon (Den nikenske truvedkjenninga, dei felleskyrkjelege konsila, sentrale kyrkjefedrar og gudstenestelivet (liturgien) i kyrkja) – noko som eg også meiner er Bibelen sitt eige vitnesbyrd  – jf. 1. Kor. 11:1; 2.Tess. 2:15; 2. Tess. 3:6 og 2. Tim. 2:2.

DELK er ikkje ein del av denne tradisjonen. Tvert i mot er DELK eit av dei ca 38000 ulike protestantiske trussamfunna vi har i dag der fem nye kjem til kvar veke. Alle desse hevdar at dei har Bibelen som (einaste) rettesnor. Men når dette er sagt, er det også klart at vennen vår Martin Luther ikkje var langt unna verken den udelte kyrkja eller Den ortodokse kyrkja. Det same gjeld den haugianske tradisjonen. Difor brukar eg sjølv til dømes Johan Arndt si bok ”Den sanne kristendommen” som andaktsbok og undervisningsmateriell, og eg frydar meg over kor mykje godt ortodoks stoff der er (sjølv om han også viser eit for juridisk syn på til dømes arvesynda etter austleg syn). Høyr til dømes på dette: ”… den sanne tro forandrer hele mennesket og virker et nytt liv ved den Hellig Ånd. Men nå ville Gud at denne undervisning ikke bare skulle skje med ord. Vi skulle også ha et levende og synlig eksempel på Ånden og det nye mennesket” (Bok 1, kap. 11.).

Ein kamerat av meg som er pastor i ei radikal frikyrkje her i Bergen var ein av dei første som introduserte meg for boka ”Den sanne kristendom”. Han hadde blitt oppsøkt av ein ung mann frå DELK med ”Den sanne kristendom” i handa. Han ville gå inn hos dei fordi det var (etter hans meining) ingen i DELK som levde etter det som stod i verket av Johan Arndt. Dette sender meg eit signal, som eg har høyrt fleire gonger seinare, om at DELK i tillegg til ikkje å vere ein del av den udelte tradisjonen, også er i ferd meg å forlate sin eigen tradisjon. Så vidt eg har forstått er vel i dag Rosenius meir aktuell i DELK enn Arndt og Müller?

Å gå inn i Den nordisk-katolske kyrkja i staden for eit anna trussamfunn, har for meg vore som å klatre opp på ei høg klippe og kaste seg ut for stupet. Du har ein mistanke om at det vil gå fort nedover, men i det du tek trussteget, merkar du at oppdrifta – ikkje frå Den romersk-katolske kyrkja eller Den ortodokse kyrkja, men frå Bibelen, tradisjon og fedrane som har gått føre, bærer og løftar deg til nye høgder der du ballanserar i luftlaga mellom austleg og vestleg kristendom. Å gå inn i DELK vil for meg vere å stå igjen på klippa og klamre seg i ein laus stein yttarst mot kanten. Når oppdrifta kjem, ramlar steinen ned. (Svar på spørsmålet i overskrifta i etterkant av debatten min i DagenMagazinet der eg vart direkte utfordra om trussamfunnet Det evangelisk-lutherske kirkesamfunn)

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s