http://tv.nrk.no/serie/gudstjeneste-tv/FSAM08005290/14-01-1990
Author Archives: Roy-Olav
Drøs frå klosteret (2015)
Preike i sta. Sunnviva kyrkjelyd, 8. mars 2015
Benedikt av Nursia, det vestlege klostervesenet sin far, skriv i regelen sin at livet bør vere ein kontinuerleg fasteperiode. På same måten som den store fasta, som vi er inne i no, leier opp mot påsketida, bør vårt eige liv vere ein fasteperiode som viser vegen fram mot den evige påskehøgtida. Målet er å skylje bort tidlegare tiders forsømmingar og feil, og dette gjer ein ved å halde seg unna laster, vie seg til bønn med tårer, åndeleg lesnad, anger i hjartet og forsaking.
Dei ortodokse fedrane vil kalle målet til Benedikt av Nursia «å reinse sjela». Å reinse sjela er å finne fram igjen Guds bilete i oss. Det er å føre sinnet, sjelas auge, tilbake til hjartet. Det er å føre energiane tilbake til essensen. Å reinse sjela er å vake over vår eigen guddommelege natur. Det er å gjere hjartet vårt angerfullt ved å nytte basale behov som svevn, mat og kroppsleg kvile i kampen mot Djevelen og hans himmelske hærskare av demonar.
I motsetnad til vesten sin tankegang om at synd er eit lovbrot som ein må ta straff for å kome fri frå, er synd i austleg samanheng ein sjukdom som det trengst åndeleg medisin for å bli friskt frå. I ortodoksien er kyrkja sjukehuset, ikkje domstolen. Presten er lækjaren, ikkje bøddelen, dei åndelege øvingane medisinen, ikkje straffa. Den austlege kristendommen er terapeutisk i sitt vesen mens den vestlege kristendommen er juridisk. Det er i dette skjeringspunktet ein finn Den nordisk-katolske kyrkja.
Den tidlege klostertradisjonen i vesten, med benediktinarane i spissen, er tufta på den terapeutiske kristendomen. Så når Benedikt av Nursia snakkar om å halde seg unna laster som den første av dei åndelege medisinane, tenkjer han som i aust at ein ikkje kan kutte dei vekk, men at dei er indre sjukdomar som blir lækja ved å transformere dei – endre dei – til lengt og søken etter Gud. Forsaking og faste etter avtale med åndeleg rettleiar er ein måte å gjere det på.
I Benedikt sin klosterregel blir det understreka nettopp dette at fasta skal vere under oppsyn av ein overordna. Å faste på eigenhand hamnar fort i egoisme og sjølvhevding. Derimot bør ein nytte abbeden, presten eller sin åndelege rettleiar når ein fastar, for som Paulus seier: «Eg skulle ønskja at alle var som eg. Men kvar har si eiga nådegåve frå Gud, den eine slik, den andre så», difor skal ein ikkje kollektiv bestemme fasta for heile kyrkjelyden eller heile klosteret.
Dei austlege fedrane stressar at vi må vere klar over vår eigen åndelege tilstand. Det same gjer den heilage Benedikt. I innleiinga til regelen sin skriv han at vi må førebu både hjartet og sjela til å kjempe i heilag lydnad. Vi må be om å få det vi manglar i eigen natur for å sleppe unna helvete. Ja, vi må skunde oss å gjere opp rekneskap i liva våre, analysere om sjela vår er formørka, om hjartet er dødt i oss, for slik byrje gjere det som er til gagn for det ævelege livet.
I det fjerde kapitlet i regelen snakkar han om dei gode gjerningane som reiskap for å førebu vår eigen død, for det er det vi gjer når vi omvender oss og lar oss lækje ved Den heilage ande. Blant anna er det viktig å kjenne att det vonde i oss sjølve og vedkjenne oss det. I tillegg er lista lang over reiskapar vi kan bruke i eigen prosess, men klosteret eller forsamlinga er verkstaden der dette skal skje. Ein driv ikkje med slikt på eigenhand. Ein lækjar opererer ikkje seg sjølv.
Den åndelege tradisjonen er med på dette. All terapi og åndeleg medisinering skjer innanfor kyrkja. Mennesket vart skapt som eit liturgisk vesen for å vere med i den himmelske liturgien. Med fallet vart vi alle ein del av ei ikkje-liturgisk verd som formar og pregar oss. Den åndelege terapien går ut på å gjere mennesket liturgisk igjen. Med Jesus Kristus blir altså alle invitert til på nytt å leve eit liturgisk liv – eit liv i harmoni med Gud, med skapningen og med seg sjølve.
Ikkje alle treng terapi. Kanskje er hjartet og sinnet allereie reinsa slik at Guds bilete skin klart og reint i oss. I alle høve er teiknet på dette, i følgje fedrane, det som Benedikt av Nursia også nemner: «Tårer under bøn». Om ein aldri opplever å gråte ved bøn er ein heller ikkje reinsa godt nok. Då er ikkje sinnet kome attende til hjartet. Det er difor eit knust hjarte, som er naudsynt for å kveike det indre livet igjen, gjev tårer. Tårer er ein dåp og ei attføding.
Den åndelege medisinen er konkret og gjeld for alle – frå familiefolk til eremittar. Det mest nyttige er vigilier (nattevåk), åndelege studiar, bøn, sjølvkontroll og hesykasme (stillheit). Vigilier fordi ingen er så einsame og meir i behov av Gud, som når natta og mørkret sig innover livet. Det same gjeld fasta. Først når ein gjev opp goda livet, kjenner ein kva gode Gud verkeleg er.
Sjølvkontroll er like viktig. Særleg gjeld dette i det å kontrollere sinnet og tankeverksemda vår. Vi må vake over sinnet og ta kvar tanke til fange og slik at det alltid er vendt mot Gud. Her er det mange hjelpemiddel. Jesusbøna er eitt, fysisk arbeid eller trening er eit anna. Regelmessig bøn eit tredje. Sjølvkontroll er noko ein må kjempe seg til, og våpna er individuelle og blir valt ut i samråd med ein åndeleg rettleiar.
Sjølvkontroll heng også nøye saman med hesykasme eller stillheit i livet. Fedrane snakkar om at vi må bli stemte – som i det å stemme ein gitar. Vi må finne tonen i liva våre slik at vi er i harmoni med Gud i oss. Dette skjer gjennom den guddommelege kvila, stilla, der vi ventar på Gud. Stillheita er starten på sjela si reinsing. Fedrane gjev difor også ei særleg åtvaring til foreldre. Foreldre må passe seg så sinnet ikkje stadig er innstilt på ungane.
Dei fleste menneske i dag er åndeleg sjuke og åndeleg ustemt. Følgjene av dette er at vi i staden for å løyse problem, gjer dei verre og i tillegg overfører dei på jobbsituasjonen, familien vår og vennene våre og kyrkja vår. Benedikt av Nursia snakkar om dette i det siste kapitlet i regelen sin. Han ber oss følgje hans enkle reglar og fedrane sine råd, for vi er dovne og åndeleg late. Vi klarar ikkje haste mot det himmelske håpet i eigen kraft, men treng rettleiing og oppfølging.
Alt til ære for Faderen, Sonen og Den heilage ande, som var, er og blir…
Kristi forklåring
Menneskets totale vondskap vart fullkomme forklart for heile skapningen den 6. august 1945 ved ei soppsky over byen Hiroshima. På same datoen feirar Den nordisk-katolske kyrkja saman med sine katolske venner både i aust og vest at… les meir.
Er sjela udødelig?
Spørsmålet om mennesket si sjel er dødelig eller udødelig er et av de spørsmåla som klør mest i øra på kristne debattanter. Nettet florerer av debatter om dette, og linjene går ofte mellom tradisjonelle og mindre tradisjonelle kristne retninger. Den romersk-katolske kirke er til dømes kategorisk på at sjela er udødelig mens til dømes The United Church of God, Jehovas vitner og lignende er like kategoriske om det motsatte.
Hva sier så den ortodokse kirka – og dermed Den nordisk-katolske kirka? – om dette emnet? Vel, Hierotheos, metropolitt av Nafpaktos, skriver dette i boka Orthodox Psychotherapy (omsatt av postforfatteren):
«Vi er klar over at idéen om ei udødelig sjel ikke er av kristen opprinnelse, men de kristne aksepterte den med flere forbehold. Professor John Zizioulas skriver:
Den ikke-kristne ideen om at sjela er udødelig har trengt seg inn i kirketradisjonen vår. Den har til og med kommet inn i hymnografien. Ingen kan benekte dette uten å finne seg sjøl stående utenfor tilbedelsens senter i kirka. …
Kirka godtok ikke denne platonske ideen uten betingelser og forutsetninger. Disse forutsetningene inkluderer blant annet tre grunnleggende punkter. Det ene er at sjeler ikke er evige, men skapte. Et annet er at sjela på ingen måte må bli identifisert med sjølve mennesket. (Mennesket si sjel er ikke mennesket. Sjela er én ting, og mannen, som er et psykosomatisk vesen, en annen ting.) Og det tredje og viktigste punktet er at mennesket sin udødelighet ikke er basert på udødeligheta til sjela, men på Kristi oppstandelse og på den kommende oppstandelse av kroppene»
Vi har lagt vekt på at mennesket si sjel er udødelig av nåde og ikke av natur, og likevel må det understrekes at i den ortodokse patristiske tradisjonen er mennesket sin udødelighet ikke sjela sitt liv etter døden, men en overgang ved Kristi nåde. Det er livet i Kristus som gjør mennesket udødelig, for uten livet i Kristus er der bare død, siden det er Guds nåde som gir liv til sjela.
Sjela er skapt, siden den vart skapt av Gud. Hovedkilden vår til dette er åpenbaringa som vart gitt til Moses: «Da formet Herren Gud mennesket av støv fra jorden. Han blåste livspust i nesen på det, og mennesket ble en levende skapning» (1. Mos. 2:7).
Tidebøner i Holdhus kyrkje
For tredje gong denne sommaren arrangerte Den nordisk-katolske kyrkja saman med Den norske kyrkja onsdag 25. juni tidebøner i Holdhus kyrkje Femten stykk møtte opp – noko som har vore snittet på dei to tidlegare fellesbønene.
Det var sokneprest Roar Strømme som leia vesperen, og han fortalde om den lange tidebønstradisjonen som hadde vore i Holdhus kyrkje og om inspirasjonen som kom frå keltisk kristendom via Lyse kloster og til Fusa og Vestlandet.
Holdhus kyrkje er ei gamal kyrkje på ein gamal kyrkjestad. Ho er nemnd første gong i ei inventarliste frå 1306 og har stått som stavkyrkje iallfall fram til 1721. Kyrkjeklokkene, delar av veggane og ein madonnaskulptur er frå den første tida. Skulpturen er den einaste bevarte Mariastatua i Norge som er laga av stein (kalkstein).
Dei to føregåande tidebønene vart leia av fr. Svein Bartolomeus. Då brukte ein Den nordisk-katolske kyrkja sine tidebøner, og ein brukte tid på lett undervisning om tidebøner generelt og øving på melodiar.
Sta. Sunniva kirkeblad for juli
Sta. Sunniva kirkeblad deler denne måneden en tekst skrevet av Johan Arndt (1555-1621). Han var sterkt preget av de førreformatoriske mystikerne, og boka hans Den sanne kristendom er en av verdens mest utbredte andaktsbøker og har stor anseelse både i katolske og i lutherske kretser.
Pinsestevnet i St. Mikael kirke.
Døperen Johannes og St. Mikael menigheter var samlet til pinsestevne 1.pinsedag.
Vi var velsignet med et strålende vær, slik at vi kunne sitte ute og spise etter høy
messen. 41 personer var tilstede og vi opplevde et meget godt stevne. Prester, og andre tjenestegjørende fra prostiet gjorde tjeneste. Høymessen startet med at dagens celebrant fr. Lauritz Pettersen inviet vann og bestenket menigheten. Under bestenkningen sang menigheten: « Jublende løfter vi hellige hender osv. « Fra Børre Knudsens salme « Farao nådde oss like ved Stranden.» Dette ble en meget fin begynnelse på pinsedagens messe.
Prosten i Viken prosti fr.Asle Dingstad holdt dagens preken.
Etter en lang god lunch og pause ute i det vakre pinseværet, var det konsert ved en meget dyktig sologitarist » Olsen Huser «. Deretter kåserte fr. Lauritz Pettersen om pinsesalmer og stevnet ble avsluttet med en Vesper.
Flere bilder finner dere her.
Gifte biskopar?
I Noreg er Den nordisk-katolske kyrkja sin biskop den første gifte katolske biskopen sidan høgmellomalderen. Dette høyrest kanskje eksotisk ut, men i kyrkjehistorisk samanheng er ikkje gifte klerkar uvanleg. I tida før 300-talet var det vanleg med både gifte biskopar og prestar. Det einaste kriteriet var at dei ikkje skulle drive med bigami – noko som også innebar eit forbod mot gjengifte klerikale. Sølibatet vart likevel sett høgt og tala vel om av mange av kyrkja sine fedrar.
På 300-talet og utover vart det vanleg at prestar og biskopar ikkje gifta seg etter at dei vart ordinerte. Dette etablerte seg som norm frå 400-talet og er halde i hevd framleis. Med den romerske keisar Justinian den store (483-565) vart prinsippet om at klerkar ikkje skulle vere bigamiøse, og at ugifte klerkar ikkje skulle gifte seg, ført inn i romarretten. I tillegg måtte kandidatar til biskopstolen leve i sølibat eller vere barnlause (gifte biskopar kunne ikkje leve seksuelt med kona si).
I vesten levde tanken om sølibat blant kleresiet vidare og fekk etter kvart større støtte. Det var likevel mest vanleg med gifte prestar til langt inn på 700-talet. Deretter etablerte det seg ein praksis der dei som vart ordinert etter at dei var gifte, måtte forplikte seg på ikkje å leve seksuelt med ektefellen sin. Dette var sjølvsagt vanskeleg å kontrollere, så med pave Gregor VII (pave frå 1073-1085) byrja ein for alvor å fremje kravet om sølibat (på synoden i Roma i 1074) for heile kleresiet i det som etter skismaet i 1054 vart Den romersk-katolske kyrkja.
I Noreg meiner historikar Edvard Bull d.e. at erkebiskop Håkon (ca 1200-1267) var den siste gifte norske katolske biskop – før biskop Roald Nikolai. Erkebiskop Håkon var også far til Tore Biskopson som var både baron og kanslar i Noreg.
Doble skift!
«Slik vandret jeg da, mens jeg hele tiden hvisket jesusbønnen med leppene. Etter kort tid følte jeg det som om bønnen begynte å gå over til hjertet helt av seg selv, det vil si hjertet liksom begynte å uttale bønnens ord inni seg sammen med slagene, ett ord for hvert slag: 1: Herre, 2: Jesus, 3: Kristus og så videre. Jeg sluttet å uttale bønnen med leppene, i stedet begynte jeg å lytte bedre etter hvordan hjertet bad.»
Utdraget over er hentet fra boken En russisk pilegrims beretning, andre fortelling. Den forteller i første kapitlet om hvordan en mann begynte å lete etter svaret på hva Paulus mente med ordene: «Be uavbrutt» (1. Tess. 5:17). Svaret var jesusbønnen (Herre Jesus Kristus, forbarm deg over meg), og gjennom veiledning trappet han gradvis opp bruken av denne frasen frem til han bad bønnen 12000 ganger pr dag. Først da slapp sinnet taket på bønnelivet hans og lot hjertet ta over.
En russisk pilegrims beretning skildrer et gudsforhold og et bønneliv som det moderne mennesket sjelden eller aldri vil… les mer.
Tredje søndag i advent
Mange vil seie at Det gamle testamentet er ei einaste langt førkristen advent, for alt vitnar om Kristi komme. Det er difor ikkje overraskande at det profetiske står særleg i fokus i Kyrkja si adventstid, og kanskje er denne ventetida framfor alt tida for profeten Sakarja. Han levde mellom… les meir.