Lytt ikkje til baktalaren og snakk ikkje medan han som er flink å finna feil lyttar. Ikkje vær snar til å snakka mot nesten din, eller lytta til slikt. Elles vil du falla frå den guddommelege nåden og bli funnen som ein framand til det evige livet.
Maksimos Vedkjennaren (580 – 662)
Vel tala… Om vi tek Guds tale til oss på alvor, er baktale og slarv noko av det verste vi kan halde på med. For Bibelen har klare åtvaringar mot å fare med slikt. Likevel er dette ei synd det vert tala særs lite om i kristne samanhengar… Kanskje fordi det er noko dei fleste av oss driv på med… Og vi til og med yndar å gjere det…