Svar til ein lutheranar 2

Eg viser til lutheranaren sitt innlegg ”…” publisert i DagenMagazinet 22. desember 2010 der han tek opp svara mine på hans angrep mot Den nordisk-katolske kyrkja (29. november 2010). Eg vil først av alt vise til våre nettsider http://www.dnkk.no og trusdokumentet ”Vegen til einskap” for utfyllande svar, men tillèt meg å kome med nokre tilleggskommentarar i avisa.

Lutheranaren spør retorisk: ”Men er det bedre å underlegge seg pavekirken med dens mange utvekster?” og avviser det eg skreiv 3. desember med å slå fast at: ”Uansett er en underlagt paven”. Det er riktig at Romarkyrkja godkjenner embetet vårt og dermed sakramentforvaltinga vår. Vi er like fullt ikkje underlagt Roma, men har vår sakramentale legitimitet frå det gamalkatolske erkebispesetet i Utrecht med sine åndelege røter tilbake til keltisk og augustinsk spiritualitet. Vi held dermed fast på den udelte kyrkja si lære – noko som står i sterk kontrast til lutheranaren sine påstandar om at vi nærast er romersk-katolske papistar.

Så til det som lutheranaren kallar ”det store spørsmålet”: Er vi frelst av berre nåde ”eller satser vi på å stå fram ”med egne klær” … egne gjerninger i tillegg til Jesu verk på Golgata”? No svarte eg på dette i det førre innlegget mitt med å vise til orda i Konkordieformelen om forholdet mellom tru og gjerningar som vi gjerne samstemmer med: “Det er Guds vilje og uttrykkelige befaling at de troende skal gjøre gode gjerninger som Den Hellige Ånd virker i de troende…”. Og likeeins: “… Så snart Den hellige Ånd… ved Ordet og de hellige sakramentene har begynt dette gjenfødelses og fornyelsesverk i oss, så er det visst at vi ved Den Hellige Åndskraft kan og skal medvirke selv om det fremdeles skjer i stor svakhet; men ikke av våre kjødelige, naturlige krefter, men av de nye krefter og gaver som Den hellige Ånd i omvendelsen har begynt i oss… (1 Kor 6,1)… dette skal ikke forstås annerledes enn at det omvendte menneske gjør godt i den grad og så lenge som Gud styrer, leder og fører med sin Hellige Ånd”. (Konkordieboken, Oslo 1985, ss 472, 449). Med dette bakteppet kan eg svare at; ja, vi er frelst av berre nåde.

Trass lutheranaren sine utfordringar til meg (og andre) om DELK, ønskjer eg ikkje å ta noko offentleg debatt om dei i DagenMagazinet (send meg heller ein e-post til royolavoien@gmail.com, så skal eg forklare kvifor DELK ikkje er eit aktuelt alternativ), men nøye meg med å seie at eg har stor sans for dette evangelisk-lutherske kyrkjesamfunnet sine haugianske røter. Difor kan vel heile debatten vår om forholdet mellom tru og gjerningar enkelt summerast opp med haugianarane sitt slagord mot den rosenianske vekkinga: “Kom som du er, men gå som ein annan”. Og med opphavet sitt i Haugerørsla, er vel dette framleis DELK (og lutheranaren) sitt synspunkt? (publisert i DM 5. januar. Motdebattanten sitt namn er bytta ut med «lutheranaren».

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s