Den heilage Johannes av Damaskus sitt forsvar for ikonane frå 700-talet er stadig aktuelt. Etter nesten 500 år med protestantisme her til lands sit det ein inngrodd skepsis til religiøs biletbruk i ryggmargen hjå mange moderne kristne. Å venda tilbake til det opprinnelege og naturlege forholdet til dei heilage bileta er ein prosess me må gå aktivt inn i. Fader Svein Bartolomeus på Tegland i Fusa gjer dette ved å laga til ein konkret bønesti på garden der det blir opna for venerasjon av heilage bilete laga av Solrunn Nes. Les meir i siste utgåva av Sta. Sunniva kyrkjeblad!