About Øystein Lid

Ortodoks kristen firebarnsfar

Siste kristne generasjon

Fader Ottar Myrseth i St. Olav har vore involvert i ei meningsutveksling i Dagen denne veka. Her kan del 1 i følgjetongen lesast

Og her eit lengre intervju avisa gjorde med prosten i samband med debatten.

Biskop i Den norske kyrkja, Atle Sommerfeldt, rykte ut og argumenterte mot.

Førebels siste innlegg i debatten – kalla «Siste kristne generasjon» – følgjer her:

Siste kristne generasjon.

Ei viktig oppgåve for kristne leiarar er å oppmuntre og skape entusiasme. Men også å kjenne samtida og snakke sant om det dei ser. Mi utfordring i innlegget om siste kristne generasjon handlar om å ta på alvor den gjennomgripande kulturomveltinga som har skjedd i vår tid. Kristen tru har gått frå å vere hovud-kulturberar til å bli ein minoritetsimpuls i eit multikultursamfunn. Fleire har lista opp døme på dette frå både det offentlege rom og privatsfæren. Det vert stadig lengre både mellom bedehusa og mellom nattverdgjestane.

Dels handlar det om kulturprosessar som er større enn både oss og vår generasjon. Og det er ingen tvil om at det er sunt for kyrkja å måtte opptre som minoritet. Men det trengs erkjenning og strategi-tenking som svarer til den nye situasjonen.

Det handlar ikkje om at kristendomen er utrydda, men som den svenske biskop Lönnebo skreiv tidleg på 1980-talet, at skal kristendomen gjere «återkomst», må foreldregenerasjonen vere istand til å tradere kristen tru og liv til neste generasjon. Det at dette ser ut til å ha glippe, er grunnlaget for min konklusjon.

Då er det ikkje snakk om meir av det same. Ikkje fleire møteveker, ikkje fleire kristne leiarar som står offentleg fram berre i medvind. Men fyrst erkjenning av at vi er i minoritet og at livssynsmarknaden er overveldande. Folk er opne for tru og religion. Men kyrkjene og dei kristne organisasjonane leikar stadig 1800- og 1900-talsleiken «da kristendommen stod som tre med sterkest rot».

Eg etterlyser kyrkjelege minoritetsstrategiar. Gjerne slik Rolf Ekenes skildrar livet i DELK, med forkynning og undervisning, rettleiing og formaning med tanke på utrusting av dei som vil ta ansvaret med å tradere tru og praksis i sine miljø. Bedehusa oppstod som noko attåt statskyrkja, men no må dei miljøa kunne stå på eigne bein om dei vil overleve. For alle trengst det gudsfrykt og nestekjærleik, dvs. ei ny tydeleggjering av gudstenesta som hovudåre i det kristne livet og eit kvardagsliv som luktar kristenmanns blod.

Den norske kyrkja vil gjerne vere folkekyrkje, men den ambisjonen skurrar målt opp mot erkjenninga av å vere minoritet i ein multikultur. Kanskje trengs det at både folkekyrkja og småkyrkjene frigjer seg frå statsbudsjettet sine subsidier. Ei vittig tunge har hevda at folkekyrkja sikkert kjem til å overleve Jesu gjenkomst, for der gjeld det å stå ut heile statsbudsjett-terminen. Det hadde vore ei handling i tru om kyrkjene sa nei takk til subsidiane og våga å finne ut om båten ber med dei som vil vere ombord og ta det ansvaret som trengs.

Fr. Ottar Myrseth

Samtalar med «For bibel og bekjennelse»

fbb Fr. Asle Dingstad, professor Knut Alfsvåg, pastor Jan Bygstad og biskop Roald Nikolai.

På helgemesseaftan tok den tredje dialogrunden med «For Bibel og Bekjennelse» til i DELK sine lokaler i Bergen. Professor Knut Alfsvåg og pastor Jan Bygstad representerte FBB, medan biskop Roald Nikolai og fr. Asle Ambrosius talte på vegner av NKK. Første kvelden heldt Bygstad og biskopen kvart sitt innlegg om frelsesforståinga. Bygstad heldt fram ei luthersk tolking av saka, og sa mellom anna at dei kristne er rettferdiggjorde ved tru, og at gode gjerningar skal springa ut av dette – ikkje som noko Gud krever for at me skal koma til himmelen, men som ei frukt av rettferdiggjeringa. Biskop Roald var einig i det første punktet, men la til at rettferdiggjørelse og helliggjørelse er to sider av samme sak. Å bli rettferdiggjort skjer ikkje utanfor, men i mennesket, og frelsa er ein pågåande prosess, ikkje berre noko som skjer ein gong, la biskopen til.

Samtalane held fram på helgemessedagen med sakramentsforståinga.

subdiakon Øystein J. Lid

Granstevnet: – Identitetsskapende for NKK

Medlemmene i Den nordisk-katolske kyrkja har tre dagar til endes vore samla på Gran for å tilbe og takka Gud, feira messa, be tidebønene og for å bli oppbygde i vår heilage tru.

IMG_3764
Søsterkirkene på Gran.

Den nordisk-katolske kyrkja har teke vare på den norske tidebønnstradisjonen, og ber Davidssalmane etter melodiar som er kjende som dei åtte kyrkjetoneartane. Dette var også tradisjonen i Noreg gjennom heile mellomalderen, men med den skilnaden at tekstane var på latin. Ein komite beståande av kantorar har gjort ein stor jobb med å tilpassa fleire av desse melodiane til tidebønstekstane våre. Desse vart brukt under stemnet i år. På sikt vil kyrkja vår gje ut dette pionerprosjektet i hefteform. Erfaringa frå stemnet er at dei gamle melodiane fungerer svært godt også i dag. Kor godt tilpassa dei er til akustikken i våre gamle steinkyrkjer er også blant innsiktene me sit att med.

Messefeiringa og tidebønene var i det heile rørande og meiningsfullt å få vera med på, der dei som gjorde kantorteneste og dei som gjorde alterteneste gjorde sitt ytterste for å skapa ei felles tilbeding som var Gud verdig. Det var stor konkurranse om systerkyrkjene på Gran denne helga, så me måtte ha våre messer tidleg om morgonen. Å begynna dagen med messefeiring i mørket for så å gå ut til soloppgang og gyllent haustløv er eit av dei visuelle inntrykka som ikkje kjem til å forsvinna med det første.

10685505_10152430510407584_1243450983917258292_n
Diakon Michael, subdiakon Erik, biskop Roald Nikolai, fader Lauritz og subdiakon Øystein etter messefeiring sundag kl 7.30.

Med foredrag ved biskop Roald Nikolai, Bjørn Are Davidsen, fr. Olav Paulinus og teolog Folke Olofsson har me i år fått læra om den kristne skapartrua i vår tid. Biskop Roald framheva det kristne verdsbiletet om eit velorganisert kosmos som spring ut av trua på ein skapargud, i kontrast til tradisjonen frå moderne opplysningsfilosofi. Myteknekkaren Bjørn Are Davidsen fortalde mellom anna om lærebøker i norsk skule som inneheld usanningar om at den kristne kyrkja såg vitskapsframstega i mellomalderen som eit trugsmål. Fr. Olav Paulinus og Folke Olofsson sine føredrag handla om skjæringspunktet mellom kyrkja si tru og personleg tru.

IMG_3761
Nokre av tilhøyrarane under føredrag på laurdag.

Kor viktig det sosiale fellesskapet og personlege samtalane er på eit slikt stemne, kan knapt overdrivast. Dette var då også ein del av biskop Roalds oppsummering før avreise sundag.
– Granstevnet er identitetsskapende for NKK, og viktig for vårt fellesskap, sa biskopen i det han takka alle som hadde jobbba for å realisera stemnet.

Subdiakon Øystein J. Lid

Nytt Ad fontes!

IMG_3520 (Foto: Victoria Lid)

I dag på Mikkjelsmesse vart den nye utgåva av det nordisk-katolske kyrkjebladet Ad fontes henta på trykkeriet! Dei som deltok på messefeiring i utandørskapellet i Øvre Hålandsdalen, Fusa, fekk utdelt nokre eksemplar. Bladet finst i eit avgrensa opplag, men dei som ikkje er medlemmer av kyrkja vår kan bestilla blad ved ta kontakt – f.eks. i kommentarfeltet eller ved å senda e-post til nordiskkatolsk@gmail.com (medlemmer får bladet gratis utdelt når dei kjem på messe i nær framtid).

HER kan ein for øvrig sjå nokre ekstra bilete frå dagens messefeiring i Fusa.

Bønehald i tropevarme

IMG_6768

Me held fram med å tilbe Gud sjølv om varmerekordane fell ein etter ein rundt oss. Inne i Holdhus gamle kyrkje var det dessutan kjøleg då fr. Svein Bartolomeus onsdag 9. juli leidde tidebøn for både fastbuande og hyttefolk. 24 personar hadde møtt fram til tradisjonell tidebøn i kyrkja. Opplegget for vesper er laga av Den nordisk-katolske tidebønskomiteen.

Fusa-sokneprest Roar Strømme og Den norske kyrkja er med-arrangør av tidebønene i Fusa, og Strømme har så langt leidd bønene ein onsdag – då ut frå eit opplegg frå den nye salmeboka til Den norske kyrkja.

2014-06-25 19.00.50
Interiør i Holdhus gamle kyrkje. (Foto: fr Olav Paulinus Øien) Madonna-statua som kan sjåast oppe i biletet, er den einaste bevarte i sitt slag frå katolsk tid (1400-talet) her til lands. Her kan sjåast ein video av den omfattande restaureringa statua gjekk gjennom for eit par år sidan.

Subdiakon Øystein J. Lid

når eit barn oppfører seg dårleg

Aside

Dersom dotter di oppfører seg dårleg, sjå ikke på henne med eit sint blikk. Lat som om du ikkje merkar det, og omfamna i staden sjela hennar med bøn og kjærleik. Då skal du sjå at ho roar seg ned. Dine gode kjensler har ein god påverknad på andre, medan vondskap avlar vondskap.

Sankt Porfyrios (1906-1991)

Glimt frå pinsestemnet i Ålesund

Pinsestemnet i Selja prosti varte tre dagar til endes, og var svært vellukka med mange besøkande. Borna var i fleirtal! Me koste oss i fint vêr, hadde flotte messefeiring kvar dag og kjekke aktivitetar og sosialt samver. Noko av det flottaste var at Den nordisk-katolske kyrkja fekk eit nytt medlem – teke opp gjennom den heilage dåpen på pinseaftan.

Me vonar at nokre bilete kan gje ein liten smakebit på stemnet!

IMG_6673
Nokre av borna på stemnet.

IMG_6517
Iranske Arezu blei døypt og fekk del i Den Heilage Ande gjennom krismering og handspålegging.

IMG_6532

Den nydøypte saman med kleresiet.

IMG_6565
På sundag var det knallvêr og grilling

IMG_6594
Dei vaksne hadde visst mest moro på moro-kvelden…

Sjå fleire bilete her!

Medlemsopptak i Sta. Sunniva


JOSEPH BELL OG BISKOP ROALD NIKOLAI

Det var stor stas i Sta. Sunniva menighet i dag då professor emeritus Joseph Norment Bell blei teken opp som medlem i Den nordisk-katolske kyrkja ved krismering. Biskop Roald Nikolai stod for ritualet, og stod deretter i spissen for messe-feiringa – der Joseph Bell for første gong fekk nattverd som medlem av kyrkja.

Bell, som hadde med seg familien, blei gjort stas på med fest i salen på Sjøfarendes i etasjen under. Prestane fr. Svein Bartolomeus og sokneprest Olav Paulinus heldt festtale, der dei gratulerte og oppmuntra Bell med ei velkomstgåve.

Sidan kyrkjerådet også møttest denne helga i Bergen, var det fleire gjester til stades frå Sverige og Oslo. For nokre fleire bilete frå evenementet kan ein gå HIT.

Me ønskjer Bell velkomen i blant oss!

Subdiakon Øystein J. Lid

Påskehilsen fra Oslo

God påske – Kristus er oppstanden!

Til ære for Herrens strålende oppstandelse feiret St. Johannes Døperen påskedagsmesse søndag i hovedstaden. Her følger noen glimt fra feiringen.


Prosesjonen bestod av både biskop, prester, diakon, akolytt, påskelysbærere og krossbærer.


Biskopen lyser velsignelsen.


Den relativt ferske akolytt Giorgio Baldari.

For bildene i større versjoner, gå hit.