Single-tasking

Den moderne moten ‘multitasking’ må få ein kristeleg variant: ‘Single-tasking’. Forskarar har funne ut at kvinner har større evner til å gjere fleire ting på ein gong enn menn, men at menn praktiserer det oftare. Men dei prøver å lure oss.

Deira ideal er folk som står på for å rekke over flest muleg oppgåver på kortast muleg tid. Tanken er at du får utretta mykje om du gjer meir. Det er korkje sant eller sunt. Ikkje for helsa og eller ikkje for trua. Korkje menneske-livet eller kristenlivet handlar om multitasking. Multitasking øydelegg kjærleikslivet. Kven godtek at kjærasten skriv tekstmelding medan han kjærteiknar deg?

Multitasking har fråvær som fylgje. Ingen kan vere fleire stadar på same tid. Multitasking viser seg å bli ein vane meir enn ei evne. Ho øydelegg disiplinen som krevst for at du skal skru av fjernsynet og telefonen medan du les eller fører samtalar med menneske og Gud. Multitasking tek bort merksemda, øydelegg konsentrasjonen og bryt ned bønelivet. Vårt alternativ er ‘singletasking’. Det handlar om å dyrke og utvikle personleg disiplin. Det handlar om å gå når du går, stå når du står, lese når du les, be når du bed osb.

Guds mor Maria forma det oppveksande Jesus-barnet sin personlegdom dei stille åra i Nasaret. Han fekk gå ein jordnær og samstundes opphøgd skule i Nasaret. Dei glimt evangeliet gir av både Marias og Jesu person, viser kor vakkert dei korresponderer, og røtene fins i samlivet deira desse viktige åra. Maria var den fyrste læresvein. Ho svarte ja lenge før Peter, Jakob, Johannes og Paulus. Ho er den fyrste vi skal lære av, for ho representerer eit universelt kall til heilagt liv.

Kyrkjeåret startar med Maria. Ho er sentral-person både i advent og jul. Slik adventstida opnar det heilage kyrkjeåret, er Maria inngangsporten til korleis vi kan ta imot Guds gjerningar i våre liv. Kva lærte den oppveksande Jesus av mor Maria? Han lærte fyrst den stilla som trengs for konsentrasjon, lytting og bøn. I stilla kan både hjartet vårt og Gud tale til oss. Den som har ein lærar å lære av, må også vente i stilla. Frå opplæringa går vegen til studium, meditasjon og eit personleg indre liv der Gud sjølv kan nå oss.

Jesus lærte også verdien av livet i heimen. Han lærte å verdsetje familie-fellesskapen, den enkle, reine og vakre og kor heilag og ukrenkjande han er. Til siste lærte han å verdsetje arbeidet. At ein arbeidar både er verdig og har verdi. Han lærte at arbeidet ikkje er eit mål i seg sjølv og at størst muleg rikdom ikkje er formålet. Slik var Maria sjølv oppseda frå barndomen. Ho hadde lytta til Guds ord i stilla i templet og i synagoga. Ho hadde lært å verdsetje dei fyrste ting her i livet. Maria er ein av oss. Hennar veg kan bli vår veg.

Difor har multitasking eit kristent alternativ. Det er overlevert frå Maria og frå Jesus. Vi kan kalle det heilagt einfald.

Fr. Ottar Mikael Myrseth, prest i St. Olav misjon, Ålesund

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s