Festdag i Bergen med ortodokse sysken


Biskop Macarie Dragoi velsignar rumenaren som var først framme ved trekrossen som blei kasta i Byfjorden. (Foto: Øystein Lid). For fleire bilete – sjå her.

Sta. Sunniva kyrkjelyd feira i dag årets første store fest, Epifania, til minne om Kristi dåp i elva Jordan saman med den rumensk-ortodokse kyrkjelyden i Bergen. Aldri før har vel Sjøfarendes aldershjem kapell på Nordnes frå 1896 vore så fylt til randa av menneske.

Hans nåde, den rumensk-ortodokse biskopen i Nord-Europa, Macarie Dragoi (35), tre prestar og ein diakon stod for den vakre liturgien som varte i 2,5 timar. Dei fleste stod på føtene i løpet av heile gudstenesta, og for mange var det då heller ingen stad å sitja. Stemninga var rolig og andektig trass i at rundt 200 frammøtte måtte kivast om å koma inn. Eit visst oppmøte var det frå den nordisk-katolske lokalavdelinga også, som fekk tolka det som skjedde til engelsk. Nokre bøner, slik som Fadervår, blei dessutan bedne på norsk.

Etter nattverden gjekk alle i prosesjon ned til Byfjorden ved Nordnes. At kapellet vårt ligg nære sjøen var ein av grunnane til at dei rumensk-ortodokse spurte oss om lov til å bruka det. På Epifania har dei ortodokse nemleg ein heilt spesiell tradisjon: Biskopen kastar ein trekross i vatnet, og dei som vil hoppar uti etter han. Første mann fram får trekrossen og biskopens velsigning. Dei som hoppa var iført våtdrakt på denne januar-dagen, så heilt spontan var nok hoppinga ikkje. Så fylte folket flasker og kaffikanner med velsigna vatn som var plassert i to 100-liters dunkar på kaien, for å velsigna hus og heim.

Etterpå blei det norske vertskapet bydd på god rumensk festmat og mange takkseiingar både frå den lokale presten Andrei Pop og frå biskopen sjølv. Me på vår side var takksame for den gode venskapen og atmosfæren av bøn som våre ortodokse sysken delte med oss. Me håpar at venskapet og samarbeidet kan halda fram.


Vert og sokneprest Roy-Olav Øien framføre folkehopen ved Byfjorden. – Er vekkinga kome til oss? spurde Øien.

For fleire bilete – sjå her.

Subdiakon Øystein Lid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s