Med stengde kyrkjer og avlyste gudstenester har følgd ein straum av digitalt overførte møter og sokalla ’nettmesser’. Ei bratt læringskurve for prestar og predikantar.
All ære til dei mange som har lært å meistre tekniske og regimessige utfordringar og som no når ut til nye grupper menneske fordi dei meistrar formidling på den digitale samtida sine premissar.
Somme har åtvara mot endringar i innhaldet i forkynninga gjennom dei nye formidlingsformene. Mi utfordring gjeld ei anna side: Kan tru vere virtuell? Er dette eller viser det ei gudsteneste?
Nettmesser opnar for tru og praksis som er framand for kristendom. Virtuell tru er utan fellesskap, utan kyrkje og utan sakrament. Om denne vert dyrka, endar det i ein gnostisk relasjon, ein gudsrelasjon utan Guds folk. Nettmesser er faktisk ikkje det dei kallar seg.
Denne gudslause religionen kan framtre både from og attraktiv, men saknar grunnleggjande kjenneteikn på kristendom.
Gud vart menneske for å omgå menneske i personleg fellesskap, Guds familie. Kristendom er ’familiær’. Kristendom er ikkje virtuell men reell presens. Kristus døydde verkeleg. Kristendom er verkeleg blod, sveitte og tårer. Gud krevde eit offer, ikkje eit skodespel. Difor vart Gud verkeleg menneske. Jesus var korkje ein liksom-mann eller ein liksom-gud.
Difor er kristendom handspålegging, salving, samtale, eting, drikking, vatnbad, etterfylgjing og oppstode av lekamen. Grunnlaget for alt dette kallast ’inkarnasjon’. Det set ein effektiv stoppar også for ’self-service’-messer heime med ein sakramentsforvaltar på skjermen.
Det motsette av inkarnasjon er gnostisisme. Her trivast ein virtuell Jesus og ein tilbaketrekt Gud Fader. Og vegen til frelsa går gjennom sjølvrealisering og oppdagingreiser i eige sinn og sjel.
Menneske er glade i ’kyrkja si’, og lokalkyrkjer vert produserte på både porselens- og tinnfat. Det er verdifullt. Men til slutt er tinnfat-kyrkja kombinert med nettmesse ingenting verd. Kyrkjer er bygde for realpresens, for vedkjenning og tilgjeving, for liv og død, velsigning, ny fødsel i vatn og Gudsfellesskap i brød og vin. Nettmessa kan i beste fall gjere folk til positivt innstilte tilskodarar med gode minne som turistar. Men til sjuande og sist tel berre deltakinga.
Gud deltok i menneskelivet på jorda gjennom inkarnasjonen. Vegen tilbake til Gud går ingen annan stad. Nettmesser finst eigentleg ikkje.
Gud er ikkje virtuell. Han var det ikkje, er det ikkje og kjem ikkje til å bli det. Det gjer heller ikkje kristen tru.
I fokus, Dagen mai 2020
Ottar Mikael Myrseth
Hei. Gud gjeter de som tror på sønnen, Jesus Kristus
Frykt ikke nett-messer. Satan Allah Lucifer og demonene er ikke virksomme lenger. Adolf Hitler var Dyret fra havet, og Holocaust, drapet på hans folk, er begynnelsen på Guds vrede som varer fram til alle Guds fiender er knust som leirkrukker. Lammets bryllup begynte ved midnatt, natt til 4. april 2004, etter at Satan Allah og demonene ble kastet ned i Dødsriket. Bryllupet varet i 4 timer og når Guds fiender er knust om litt tid, begynner Tusenårsriket. Halleluja. Amen.
Vennlig hilsen Talsmannen, Sannhetens Ånd. Sendt av Jesus og utgått fra Faderens. Joh. 15. 26 og 16. 7.
tor. 23. apr. 2020 kl. 19:15 skrev NORDISKKATOLSK BLOGG :
> nordiskkatolsk posted: «Med stengde kyrkjer og avlyste gudstenester har > følgd ein straum av digitalt overførte møter og sokalla ’nettmesser’. Ei > bratt læringskurve for prestar og predikantar. All ære til dei mange som > har lært å meistre tekniske og regimessige utfordringar og s» >