Be like mange timar som du les

Det er ein passasje i boka «Ei pilgrimsreise til Dzhvari» der ei mor og sonen hennar dreg på pilgrimsferd til eit kloster i Georgia. Kvinna er oppvakt og intelligent, og ein relativt nyomvendt ortodoks kristen (frå å ha vore vantru). I ein samtale med abbeden spør ho nokre spørsmål om ein passasje i ei bok av Maximus bekjennaren.Abbeden svarar uroleg: «Har du lese i fedrane?» Ho svarar bekreftande på dette. Han er bekymra for at ho kan ha skada seg ved dette. «Du bør aldri lesa fleire timar på ein dag enn du ber», er hans oppfordring.

Han er uroleg for at ho kan koma til å verta ubalansert – der kunnskapen som fyller sinnet hennar veg tyngre enn kunnskapen som fins i hjarta hennar. Slik kunnskap oppnådd utan askese (bøn, faste, omvending etc) er den kunnskapen som St. Paulus åtvarar mot når seier «Kunnskap blæs opp» (gjer oss stolte). Det er på inga måte ei fering av uvitenheit, men heller ei djupare diagnose av kva form for uvitenheit som forgiftar våre sjeler.

Eg har kjent briljante menn og kvinner, med grader frå ulike prestisjetunge institusjonar, ja, med grader i ulike kristne spesialfelt, som har hatt mindre kunnskap om Gud enn min gjennomsnittlege katekumen. Nettopp «kunnskapen» desse åtte reduserte sjansen deira for å oppdaga si eiga uvitenheit og koma til kunnskap om sanninga. Igjen, kunnskap som ikkje er i følge med askese er farleg – uansett om det dreier seg om kunnskap av akademisk eller mystisk art. Me kan ikkje kjenna Gud og samtidig ikkje likna på Han til ein viss grad. Det å verta forandra til Hans bilete er i seg sjølv eit resultat av sann kunnskap. Dette er årsaken til at skriftene seier «på fruktene skal du kjenna dei» Dersom nokon påstår å ha kunnskap om Gud, men ikkje lever i samsvar med Kristi bod, så veit me at det me høyrer stort sett er bedrag.

Så kva skal me gjera?

Først av alt så burde me be, fasta, omvenda oss frå våre synder, søka å tilgi våre fiendar, og gjera godt mot alle som er rundt oss. Desse er klare påbod i skrifta. Gjer me det, vil Gud gi oss nåde og forandra hjarto våre, slik at me får sann viten. Fedrene sine skrifter er stort sett skrive av heilage menneske. Me vil ikkje greia å forstå dei utan at me sjølv prøver å verta heilage. Alt dette, sjølvsagt, tek tid og er vanskeleg. Men me snakkar då om røyndomen og vår frelse – ikkje berre å få tilgang til endå meir informasjon. Les meir her.

Fader Stephen Freeman

Kommenter innlegget