Eit stort mysterium

Ein langdryg underordningsdebatt denne våren var frustrerande og forvirrande. Sørgjeleg å registrere kor lite kristne leiarar formidlar bibelsk tankegang om ekteskapet.

Som kjent «hvor udgangspunktet er galest, blir tidt resultatet orginalest» (Peer Gynt). For heile debatten har avslørt ei stor underdekning: Sansen for det apostelen kallar det store mysteriet. Slik vart samanhengen borte mellom bryllaupet og det heilage bryllaupet, mellom jorda og himmelen, mellom Kristus og kyrkja. Ekteskapet vart redusert til ein borgarleg avtale og ordning.

I den kjende underordningsteksten i Efes 5, motiverer apostelen formaningane til ektefolk med å vise til det store mysteriet: At forholdet mellom Kristus og kyrkja er eit ekteskap.

Korkje uttrykket ’hovud’ eller ’underordning’ inneber noko form for maktbruk. Hovud (gr. kefale) betyr ’den som gjev liv’. Underordning er noko ein gjer «i age for Kristus». All underordning inneber då ei erfaring av kjærleik.

Ekteskapet si historie startar alt med skapinga. Idet Gud gjev mannen og kvinna til kvarandre, sluttar han si fyrste pakt med menneska, ein sakramental fellesskap med kvarandre og med Gud. Og når Kristus velsignar ekteskapet ved bryllaupet i Kana, vidarefører han denne.

Apostelen gjer Kristi kjærleik til kyrkja til førebilete for den ekteskapelege kjærleiken. Ikkje berre som eit moralsk anliggande. Å elske slik Kristus elskar og å underordne seg slik kyrkja underordnar seg, er djupare. Kristus er sjølve kjelda til kjærleiken, og i ekteskapet får mannen og kvinna del i eit mysterium. Det sakramentale ligg i at det som vert sagt, vert formidla. Dette er hjartet i mysteriet.

I Efes 5 brukar apostelen kroppsmetaforen for å seie at mann og kone utgjer ein organisk einskap. Ingen av dei to er seg sjølv utan den andre. Dei kompletterer kvarandre.

Vi som er sameinte med Kristus i den sakramentale dåpen til han, er sjølvstendige personar samstundes som vi er eitt med han. Og di meir vi er sameinte med han, di meir vert vi oss sjølve. Slik også i ekteskapet. Kyrkja vert omtala som ei brud, fullkomen vakker utan flekk og lyte. Med andre ord: heilag. Kjærleiken gjer dette. Den som elskar, skaper noko godt og vakkert med det han gjer. Som apostelen skriv: «Den som elskar kona si, elskar seg sjølv.»

Dette som mennesket vert i ekteskapet på jorda, i underordning og kjærleik, peikar framover mot det som skal vere i himmelen. Og frå himmelen høyrest ropet: «Tida er komen for Lammets bryllaup.»

I fokus, Dagen 16. september 2022
Ottar Mikael Myrseth
biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

Persok

Denne veka feira vi Persok, minnedag for apostlane Peter og Paulus.

Få dagar før Persok føregjekk ein merkbar kultur-kollisjon i hovudstaden. På Fornebu kom ungdomar saman til arrangementet «The Send» under slagordet «All in for Jesus». I Oslos gater feira samstundes Pride ein festival (delvis utsett pga terrorist-åtak) med fokus på at ’alt er love’.

Persok-apostlane gav opp alt, fylgde Jesus inn i martyrdøden og vart den kristne kyrkja sin grunnvoll. Apostelen som var utdanna ved Gamaliels føter, brukte ikkje livet sitt i eit bibliotek, men reiste, forkynte og skreiv epistlar for å halde kyrkjelydane på vegen. Paulus rekna som si oppgåve å forkynne evangeliet så folkeslaga kan verta eit offer til hugnad for Gud.

Han var sjølv vel kjend med sider ved etterfylgjinga som mange av oss har eit meir teoretisk forhold til: Lidinga for evangeliet. Han var vel kjend med himmelriksnyklane og han kjende godt til dødsrikeportane.

Han nemner aldri ’ei open og inkluderande’ kyrkje. Men han rosar seg av si vanmakt og snakkar gjerne om den heilage lutringa folk må gjennom for å bli deltakarar i liturgien for Guds ansikt. For apostelen sjølv bestod den i strev, fengsel, pisking, skipbrot, svolt, torste og meir slikt.

Her var lite stoltheit og mykje overgjeving.

I sin store plan kalla Gud fyrst Abraham. Andre fylgde etter. Apostlane inngår i denne rekkja, og idag står vi der. Vi som har blitt Guds born og fått ein gudgjeven plass i den kristne kyrkja. Planen og kallet er store fordi Gud er det. Den som går inn i det, får både sjå og erfare livet sitt i guddomelege dimensjonar.

Det som vert lagt på oss og det vi forsakar, den lutring og dei offer vi ber i Guds teneste, gjev menneske meining og samanheng i livet. Ord og handlingar, sigrar og tap får tyngde og djupne fordi dei er tekne inn i det guddomelege kraftfeltet og den guddomelege meininga.

’Ha meg til førebilete liksom eg har Kristus til førebilete,’ skriv apostelen. Idag føregår omfattande revisjon av apostelen sine ord og formaningar. Når tradisjonen frå Abraham, profetane og apostlane vert tilpassa det som er gangbar felles ideologi i samtida, sviktar vi vår eigen tradisjon.

Ved Caesarea Filippi utfordra Jesus dei komande apostlane til å vedkjenne sin personlege relasjon til han som Gud. Den vedkjenninga førte både Jesus sjølv og dei i martyriet. For oss 2000 år seinare, gjeld det same: Å tru som apostlane.

Å skjøne dette, gjev eit menneske både sjølvrespekt og fridom.

Ottar Mikael Myrseth

I fokus, Dagen 30. juni 2022

Gnostisisme på ny

På 100-talet kjempa kyrkjefaderen Ireneus av Lyon for å avsløre og forkaste gnostisismen. I dag dukkar det gnostiske menneskesynet fram att.  Gnostikarane forkynte at det materielle ikkje kjem frå Skaparen av himmel og jord, men stammar frå ein vond gud og må difor forsakast.

Difor er heller ikkje kroppen frå Gud, og må fornektast. Berre sjela er rein og må frelsast frå kroppen sitt fengsel. Eit menneske kan gjere med kroppen sin som det vil.

Våre dagars identitets-debatt har sett til side biologien som vitskap om m.a. kroppen, og erstatta den med psykologien som vitskap om sjela. Når kjenslene trumfar kroppen står vi overfor same nedvurderinga av kroppen som i gnostisismen.

Slik har kjønn skapt ei ny verd av ønsketenkjing. «Du kan bli det du vil». Vi har betalt dyrt for denne tilsidesetjinga av biologien.

Menneskelege nytteomsyn og sjølvråderett har fått avgjerande innverknad på vurdering av menneskeverdien. Når born vert fjerna før dei forlet livmora naturleg og når sjuke kan be om assistert sjølvmord, er ikkje menneskelivet heilagt lenger, slik det har vore sidan Heilag-Olav si tid.

Lett tilgong på prevensjonsmiddel la grunnlaget for friare seksuell utfalding. Broten vart den eldgamle samanhengen mellom sex og det å skape born. Seksuallivet flytta ut av familien og vart del av underhaldningsindustrien. Og biologi vart ei hjelpeteneste for erotikk istadenfor nøkkelen til overleving og samfunnsbygging.

Når sex vart gjort om frå kreasjon til rekreasjon og ideen om dumping av embryo-barnet gjort lovleg, var det triumf for ny-gnostisisme og den devaluerte kroppen.

I kjølvatnet veks talet på ungdomar (ikkje minst jenter) med usunt syn på eigen kropp og somme med lidinga ’kjønnsdysfori’. Stressa av vrangforestillingar om kva det inneber å vere menneske, søkjer unge kvinner løysing i maskulinitet, hormonpillar og kjønnsoperasjon.

Nyordet konverteringsterapi har også dukka opp. Konvertering er i kristen samanheng eit val: Å snu om og vende heim. Terapi er helbredingsprosess. Idag legg styresmaktene opp til å gjere dette ulovleg. Ulovleg å gi hjelp til å vende om og endre sitt verdisett. Ulovleg å søkje omvending for å få fred i kroppen og ro i sinnet.

Det kristne grunndogmet handlar om at Gud vart menneske med kropp for å frelse oss og opne for oppstode av lekamen. Tydelegare kan ikkje den gnostiske forføringa avslørast. Det står att å ta konsekvensen av dette i den sokalla identitetsdebatten.

Ottar Mikael Myrseth

I fokus, Dagen 19. mai 2022

Glad i liturgi?

Variasjonen er stor når det gjeld form og stil i måten å tilbe Gud i ulike kristne forsamlingar.

Innreiing og møblering i gudshusa avslører mykje: Når miksepulten er større enn altaret; når ein forseggjord talarstol er det mest dominerande inventaret; når slagverket er det mest iaugefallande møbelet; om veggane er nakne eller pynta med bibelske bilete – seier det ein del om det åndelege livet på staden.

Vi har ein rik tradisjon med det vakre ordet ’bedehus’. Men det er sjeldan bønealtaret er meir synleg enn talarstolen. At Guds ord, forkynning og undervisning står sterkt, er ein opplagt rikdom. Men var det ikkje noko meir?

Etter som avstanden mellom folkekyrkje og kristenfolk har vokse seg til dels uoverstigeleg her til lands, har mange fått det travelt med forsamlingsbygging. Kristenmiljø som hadde vent seg til kun å vere ’attåt’ folkekyrkja, måtte til å ta ansvar for heile breidda av forsamlingsliv: gudsteneste, dåp, konfirmasjon, vigsel, gravferd m.m.

Tenk om fleire i denne tida hadde fått opp augene for rikdomen i den liturgien som har fylgd kristen gudstilbeding frå starten til våre dagar! Fått erfare djupnene i dei liturgiske bønene. Blitt rikare av å oppdage at Gud er større enn alt det eg og vi kan prestere og formulere.

Liturgien er det vakre fartøyet som fører kvardagsmenneske inn i den heilage Guds nærleik, som gir ord og bilete til å fasthalde sanningar om både himmel og jord, som gir bønelivet same breidde og høgde som truslivet.

Det er liturgien som lyftar og ber tilbedinga vår, lærer oss å be og set oss fri frå eigne prestasjonskrav.

Somme hamrar og bankar og diktar og formar og vil lage veltilpassa liturgiar som folk skal kjenne seg heime i. Men Kyrkja sin liturgi er ikkje oppteken av å vere moderne og veltilpassa. Han er overlevert oss gjennom generasjonar og århundre og spreidd i alle himmelstrøk. Han er utprøvd, brukt og gjenbrukt. Han har bevist at han fungerer.

Det er ikkje moderne å innrøme at det gamle er best. Sjølv når ein vil vere bibeltru, vert gjerne dei liturgiske formene påfallande heimesnikra når dei skal vere av nyare dato. Liturgien har si historie. Han er komen til oss som hjartespråket til truande menneske som Lukas og Paulus, Basilius og Benediktus og mange andre kjende og ukjende.

Kva kunne ikkje hende om kristne leiarar sette seg saman for å trengje djupare inn i liturgisk spiritualitet, for å lytte til dei som kjenner historia og lære av dei mest erfarne.

I fokus, Dagen 5. april 2022
Ottar Mikael Myrseth
biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

Guds mor

Fremste kvinna i vår religion vitjar oss to gongar i kyrkjeåret mellom jul og påske: Kyndelsmess og Marimess. Då er det tid for å ta oppgjer med både den feministiske og den radikal-protestantiske avvisinga av henne.

Berre evangelisten Lukas har lengre forteljingar om Maria. Likevel er ho, saman med Pontius Pilatus, einaste mennesket nemnd i trusvedkjenningane. Frå andre kjelder stammar forteljingane som har gitt kyrkja fleire Maria-dagar, m.a. unnfanging (8. des), fødsel (8. sept), presentasjon i templet (21. nov), innsomning (15. aug).

Mange har stua Maria vekk og hentar henne knapt fram til jul. Dette er gjerne resultat av 1500-talets radikale kritikk av Maria-kult som avgudsdyrking. Idag har feministar kritisert det same som seksualfiendtleg patriarkalisme, kvinneundertrykkjing og muleg overgrep.

Skrifta lærer oss at Maria er utvald. Guds frelsesplan var ikkje ein kvikk-fix for hjelpelause menneske, men å føde ei ny menneskeslekt, ei som tilhøyrer Gudsriket og ikkje menneskeriket. Til det trengte Gud ei kvinne.

Gud gjer Maria til kronvitne på kor høgt han verdset det kvinnelege. Ho vitnar om Guds dom over den kulturen menneska har skapt med maskulin maktbruk, høgrøysta hovmot, vald og våpenbruk. Guds frelsesplan kunne ikkje realiserast utan denne kvinna, audmjuk, rein, mild, trufast, kjærleg, åndeleg sterk. Alt det som den maskuline mannsverda hadde mista.

Kvifor tok den kristne kyrkja så godt vare på Maria? Kyrkjelæra voks fram som svar på vranglærer. Tidleg på 400-talet vedtok konsilet i Efesos at alle kristne måtte rekne Maria som Guds mor. ’Theotokos’ på gresk, ordrett: ’gudføderske’. Denne tittelen å hjelpe skuklle hjelpe oss å fasthalde at Jesus er både Gud og mann. Dei truande visste at om Jesus Kristus ikkje er Gud, kan han ikkje frelse, og om han ikkje er menneske kan han ikkje frelse oss.

Heilt frå Elisabeth si tid har det blitt repetert: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv.» Maria sjølv la til at «frå no av skal alle slekter prisa meg sæl». Dei fyrste kristne gjorde det til del av si gudsteneste. Når dei kom saman, prisa dei Maria sæl.

Fornuftig spekulasjon kring jomfrufødsel og avgudsdyrking fører berre i sirklar. Det er på høg tid, for bibeltruskapen si skuld, for kvinnesynet si skuld, for menneska si skuld og for Guds skuld å hente Maria fram som førebilete i tru, som kvinneideal og som vegvisar for alle som vil fylgje Guds vegar. Og å prise henne sæl.

I fokus, Dagen 24. februar 2022
Ottar Mikael Myrseth
biskop i Den nordisk-katolske kyrkja