About ottarmyrseth

Prest i Den nordisk-katolske kyrkja i St. Olav, Ålesund. Lærar ved Borgund folkehøgskule.

Av nåde

Nåden er på timeplanen. Men er idag i skvis på fleire vis. Han vert både misbrukt og misforstått. Ikkje er det lett å lære moderne menneske at noko vert gitt dei av nåde. Og ikkje er det lett for kyrkjene å setje nåden i sin rette samanheng.

Av nåde har Gud frelst oss, seier apostelen, reist oss opp frå døden og sett oss i himmelen. Det kviler ikkje på gjerningar, men er gjort for å føre til gjerningar, alternative og ferdiglagde.

Nåde-religionen har idag minst tre store konkurrentar: Menneske let seg lett freiste til å leve for seg sjølv. «Fordi eg har fortent det» er individualismens grunnsetning. Når den set seg fast, vel mennesket å nyte sitt eige liv og leve som om Gud ikkje fanst. Det mennesket treng ikkje nåde. Det treng berre seg sjølv. Og trivst som konsumentdriven entertainment-robot.

Nært i slekt med individualismen står materialismen. Alt er så lett i velferdssamfunnet. Så mykje å fylle livet med. Det er tilgong på alt, og det meste går av seg sjølv. Ingen grunn til å ha Gud attåt. Mammonismen er ei åndeleg kraft som ikkje bygg på nåde, men på nyting.

Ein tredje konkurrent til nåde-trua er ei åndeleg kraft som har flytta inn i samfunnet vårt siste generasjonen og idag har sterk dragning på moderne menneske: Islam. Der den islamske kulten flyttar inn, vert også nåde-religionen sett til sides. Det er flusst med gode grunnar for det individualistiske og materialistiske notidsmennesket å velge underkastings-trua framfor nåde-trua. Difor foregår det ein åndskamp på djupet i vår kultur i vår generasjon.

Nåde-religionen vert også sett opp imot gjernings-religion. Men apostelen nemner gjerningane i same åndedrag som nåden. Menneske kan ikkje fortene nåden ved eigeninnsats. Av nåde vert menneske frelste, ved tru. Men nåden vert gjeven for at vi skal leve rett, gjere gode gjerningar, tilrettelagde av Gud sjølv: «… eit liv i rettferd, heilagdom og sanning».

Guds nåde-plan la Han i løynd før verda vart skapt. Denne nåde-religionen har ingen alternativ. Det er ingen andre vegar til frelse enn denne, ved Han som døydde for oss og som stod opp for oss.

Og Gud er i arbeid. Guds viktigaste arbeidsmiddel for å få mennesket til å kome til seg sjølv, er «heilag uro». Guds Ande plagar forbrukarmenneska med heilag uro i menneskesinnet. Heilaganden arbeider med menneskeånda. Somme vel å dempe uroa med pillar og seier «Mi sjel er uroleg til ho får ein valium». Men salmisten seier «… til ho finn kvile i deg».

Denne artikkelen stod på trykk i avisa Dagen 25. september 2017.

«Til Diognet»

Frå 100-talet, samtidig med forfattarane Justin Martyr og Tertullian, har vi eit av dei vakraste og viktigaste skrifta frå dei fyrste kristne, brevet til Diognet. «Det sjela er i lekamen, er dei kristne i verda,» heiter det her. Denne sjølvforståinga hadde ein generasjon truande i ei samtid då dei korkje passa inn eller kunne kjenne seg trygge. Likevel finn vi her ein av dei beste framstillingane av korleis den kristne kyrkja skal leve i verda.

Dei kristne var ein mistenkt minoritet. Denne ut-gruppa som var annleis enn alle, hadde eit tydeleg program. Og dei tok seg av kvarandre på ein måte som imponerte. Omsorg for fattige og sjuke var ukjend i den romerske verda. «Det som skil dei kristne frå andre menneske, er korkje fedreland, språk eller skikkar.» Dei er alminnelege folk, abortmotstandarar og vert kalla «ateistar» for dei avviser dei heidenske gudane. Difor vert dei vanæra og spotta. Men dei veit at deira tru ikkje er ei jordisk oppfinning.

«Dei bur i sine land, men som utlendingar. Dei tek del i alt som borgarar, men finn seg i alt som framande. … Dei giftar seg og får born, men set ikkje ut sitt avkom. Dei deler bord, men ikkje ekteseng. Dei lyder gjeldande lover, men har sin heim i himmelen.» Med si tru og sin livsstil held dei oppe eit samfunn som avviser dei. Som sjela held saman kroppen. Drivkrafta i dei er eit sterkt sjølvmedvit og kjærleiken dei har fått frå Herren sin.

Vår sekulariserte samtid har nok andre avgudar enn Romarriket, men kven som helst kan kjenne seg att i Diognets samtid. Kristendom vart fødd i ein kultur der abort, barnedrap, seksuell forvirring, lauslivnad, misbruk av makt og utnytting av dei fattige var daglegdags.

Dei kristne kjende historia og visste også korleis ho ville ende, for dei var etterfølgjarar av historia sin Herre. Dei visste at deira tru ikkje var eit produkt av historia, men at historia er eit produkt av deira tru.

Med dei som førebilete er det vår oppgåve ikkje å gjere jorda om til himmel, men å bringe himmelen til jorda. Sunt kristent sjølvmedvit handlar ikkje om å ta etter verda, men å føre verda til å erkjenne sanninga om seg sjølv.

Ei samtid som ikkje trur på synd, må bli vist tilgjevinga si kraft. Ei samtid som har mist si sjel, må møte truande menneske. Ein generasjon som avviser ein personleg Gud, nåde, under, inkarnasjon og oppstode, må møte ei levande kyrkje. Menneske som er skeptisk til organisert religion, må møte truande som forvaltar heilage sakrament der himmelen bryt inn i historia.

Denne artikkelen stod på trykk i avisa Dagen 24. juli 2017.

Vegvisarar

Pave Benedikt gjentok ofte på slutten av si pavetid at «den vestlege verda lever som om Gud ikkje finst». Når klassisk kristen tru skil lag med det moderne livet, vert gjerne oppsplitting, frykt, forvirring, oppløysing og einsemd kjennemerke. Den vitskaplege, den industrielle og den seksuelle revolusjonen sette mennesket i sentrum der Gud ein gong var. Sekularisering vart resultatet. Den polske sosiologen Zygmunt Baumann kallar dette «flytande modernitet» (liquid modernity). Når alt flyt, er alt lov, og kvar einskild må velje kva han vil halde for sant.

I ei slik tid trengs vegvisarar som kan føre oss attende på vegen. Her er fem slike:

1 – Som alternativ til fragmentering, må vi vise menneska Guds orden (logos). Gud har gitt ein orden både for naturen, verda og vårt indre liv. Vegen vidare går gjennom ny respekt for denne orden.

2 – Når menneska misser Gud, er grunnen gjerne at dei har slutta å be. Det trengs bøneskular for moderne menneske. Menneske treng hjelp til å leve nær Gud, om dei skal kunne bli ståande i det samfunnet som har vendt Gud ryggen.

3 – Jesus brukte år på sine vener for å gjere dei til disiplar. Det skal trening til for å oppnå mål i livet. Også i det åndelege. Disiplar er menneske med disiplin. Den som vil unngå samtida sin hedonistiske konsum-mentalitet, må øve seg i å ferdast nær Han som er alternativet.

4 – Moderne menneske bryt opp, frå heimstaden, frå ektefellen, frå jobben, frå kyrkja, frå trua. Dei endar ofte som rotlause og kvilelause. Identitet er etterspurt idag. Den heilage Benedikt sa at det mennesket som ynskjer seg åndelege røter, må bli verande lenge nok på ein stad til at røter får tid til å gro. I den overleverte kyrkja sin trusvisdom er kjelder til guddomeleg stabilitet som trengst i menneskeliv.

5 – Menneske vil vere fri til å reise fritt og gjere som ein sjølv vil. Men når samfunnsbanda vert brotne, vert ofte einsemd resultatet. Kristent liv har alltid vore forpliktande liv i fellesskap. «Samfunnet av dei heilage» seier trusvedkjenninga. Kristen tru veks berre i felleskap med dei heilage til alle tider og i vår tid. Når lyset i folks andlet berre er gjenskin frå laptop’n og smart-telefonen, lever vi i ein mørk tidsalder. Utan kontakt mellom menneska, kan ingen elske.

Til dette trengs kyrkjelydar med felles liturgisk og sosialt liv, og medvit om eigen identitet heilt sidan aposteltida. Det handlar om overlevering av den trua som ein gong for alle vart overgjeven dei heilage og mot til ikkje å måtte gjere som folk flest.

Denne artikkelen stod på trykk i avisa Dagen 19. mai 2017.

«All makt i denne sal»

«Ei fullbyrding av den norske kyrkjas pragmatiske haldning til samfunnsutviklinga» kallar redaktøren av Dag og Tid vedtaket om homofil vigsle i kyrkjemøtet, og legg til at i denne kyrkja må «skrift og tradisjon vika til fordel for sekulære og politiske og etiske føringar». Eg må gje denne redaktøren rett i si analyse.

Overfor folket vert det no spørsmål om kor lenge ei slik kyrkje kan oppehalde eit minimum av truverde. For kvar ny runde i samfunnsutviklinga framstår ho meir føyeleg og mindre påliteleg som rettesnor for tru og moral. Overfor Gud er spørsmålet om kyrkja gir etter i ein åndskamp ho står midt i.

I fleire tiår har sekulariseringa sett stadig tydelegare spor i kulturen vår. Denne retretten for kristen livstyding og for kyrkja si makt over tankar og tolkingar kan lesast som frigjering frå autoritær overstyring. Men han kan også forståast som moderne rasjonalisme sin siger over guddomeleg autoritet.

Både når det gjeld lærespørsmål og val av kyrkjeleg styreform har Den norske kyrkja teke over samfunnet sine modellar. I kyrkjestyret gjeld demokratisk styreform, med tilhøyrande valkamp, lobbyisme og rasjonalisme. Det omfattar også fastsetjing av kyrkjelæra. Det vert lett store utslag når folkets meining og makt skal ha siste ordet i ei kyrkje som ikkje skulle vere av denne verda. I siste runden vart den tradisjonelle bibelske ekteskapsforståinga sendt overbord.

Av Per Egil Hegge har eg lært at russisk har to ord for sanning: Pravda, som er den politiske sanninga. Ho kan tøyast, diskuterast og forhandlast om. Den religiøse og filosofiske sanninga er istina, som er udiskutabel og som det er utenkjeleg å forhandle om. Det er det siste ordet som vert brukt i Bibelen.

Når byråkrati vert arbeidsform og demokrati vert styreform i ei kyrkje, er det kort veg til å byte ut «istina» med «pravda». Når lære vert fastsett ved ålmenne avsrøystingar og læreautoriteten lagt ut til populær påverknad, har kyrkja vald å vere ei avspegling av den verda ho er sett til å forvandle.

Kva så? Har Den norske kyrkja gitt tapt i åndskampen? Einkvar får konkludere for seg. Men sekulariseringa har framgang. Det spørs om ikkje tendensen vil halde seg til slagordet om «all makt i denne sal» fullt ut har gått i oppfylling. Men til sist vert det ei mannjamning med han som har «all makt i himmel og på jord».

Denne artikkelen stod på trykk i avisa Dagen 13. mars 2017.

Dei har rive himmelen

Møtet mellom norsk kultur og innvandrarane har avslørt oss. I ein artikkel i Dag og Tid spør Kaj Skagen korleis ein kultur som ikkje trur på seg sjølv kan overtyde andre om at han er verd å tru på. Europa har ei lang historie med å underkjenne sine eigne kulturelle røter og idealisere ikkje-vestlege kulturar. Skagen viser til Jean Paul Sartre, Jan Myrdal, Jens Bjørneboe og Dag Solstad som døme på intellektuelle som representerer eit slikt anti-europeisk sjølvbilete.

Både kristendomen, nasjonalromantikken og opplysningsideala er plasserte på museum og i bibliotek. Einaste fellesverdiar vi har att, er menneskerettane innhylla i ein kommersiell fritids- og underhaldningskultur. Terroristane i Paris retta åtaket sitt nett mot symbol for denne kulturen.

Dette går hand i hanske med ynskjet om framstå som nøytrale i møte med innvandrarar, sist demonstrert av UDI-kravet om å fjerne kristne symbol på kristne asylmottak. At alvoret i denne situasjonen ikkje har gått opp for oss, viste dei lydige lakeiane som straks tok ned krossane på NMS-leirstadane før UDI rakk å gjere om på vedtaket.

Vi vert alle påverka. Vi har bygd eit samfunn med eit livssyn som stengjer ute det evige perspektivet. Det metafysiske er radert bort og utsikta er vekk. Vi står i fare for å bli ein generasjon som har vent seg til å leve utan Gud og utan tankar om det evige, i eit av dei mest sekulariserte land i verda.

Når så vondskapen rammar oss, manglar vi evne til både å forklare og forsvare oss. Den interne fienden er fårlegare enn den eksterne. Det er på høg tid å vakne og vende attende til røtene våre, til å bryte stengsla så både mennesket og kulturen kan få auge på anna enn sin eigen navle.

Fr. Arnfinn Haram kalla samtida ei åndeleg glattcelle. Det «nøytrale» samfunnet er innestengd og sjølvoppteke. Det er å vone at fleire vågar å erkjenne det. Både ungdomar og vaksne treng noko meir enn underhaldning, nyttemoral og nøytralitet. Dette «meir» finst i dei kulturelle røtene vi har fornekta.

St Benedict - 2

Mennesket treng himmelen og Gud. Nokon må lære dei å be, å rope både i takk og klage. Dei treng skriftestolar der liv kan reisast opp att og dei kan få høyre ord som ingen terapeut kan uttale: «Syndene dine er tilgjevne.»

Det er å vone at presset mot glattcelle-veggane snart vil bryte veg ut og at der då vil finnast åndelege leiarar som kan gi utbrytarane tru på ei høgre meining, vise dei Skaparen og Frelsaren.

Nokon har stengt himmelen for oss, og vi treng å be ei adventsbøn om at han må vende attende.

Denne artikkelen stod på trykk i avisa Dagen 6. desember 2015.

Underkasting

Treng ein kultur ein himmel? Trengs ein metafysisk overbygnad, eller er menneskefornufta vår mest pålitelege rettesnor?

Reaksjonane på romanen «Soumission» har gitt grunn til ettertanke. Den franske forfattaren Houellebecq var på førstesida i magasinet Charlie Hebdo den dagen terroristane slo til i januar. I romanen «Soumission» (=underkasting) fortel han korleis Frankrike vert omgjort til islamsk stat etter valet i 2022. Det skjer demokratisk og utan dramatikk.

Houellebecq’s tanke er at ingen kultur kan overleve med felles verdigrunnlag utan ein himmel over livet. Den europeiske kulturen er i stigande grad prega av resignasjon og pessimisme. Kristendomen har spela fallitt som metafysisk overbygnad. Opplysningstida sine ideal om fornuft og sjølvrealisering har avskaffa Gud og himmelen, og mennesket held på å gå til grunne einsam og fortvila i universet. Hovudpersonen i romanen forsøker å gjenopplive kristendomen, men lukkast ikkje, og går over til politisk islam. Romanen utfordrar europearar til å fornye religionen sin; elles vil dette lett bli det mest fornuftige.

Ganske annleis tenkjer Bård Vegard Solhjell som åtvarar mot religionens gjenkomst og lanserer fornya vitskapstru som alternativ. Spørsmålet er om det ikkje er denne trua som banar veg for religionen. Vitskapen har gitt oss ny lærdom om korleis verda er bygd opp. Men vitskapstrua har rive himmelen over livet og etterlate mennesket som depressiv ateist.

Over heile Europa vert det meldt om fallande kyrkjegang og sviktande presterekruttering, inntektssvikt, liberalisering og privatisering med påfylgjande nedbygging av den kristne kyrkja. Dette varslar også at europeisk sjelsliv er iferd med å bli alvorleg utarma.

Å gje menneska noko å leve for, eksistensielle verdiar, kan ingen ærleg vitskapsmann. Menneska treng ei tru som ikkje har vakse fram or reagensrør og «field research». Det kan berre religionen gi.

Angela Merkel foreslo nyleg kyrkjegang som alternativ til framandfrykt. Ikkje minst i møte med dei religiøst mykje meir medvitne innvandrargruppene, vert den gamle europearen sett på prøve. Houellebecq meiner kristendomen kan stå seg berre gjennom ei fornya inderleggjering, elles vil autoritær islam overta ikkje berre Frankrike.

Tradisjonen frå opplysningstida har i vår generasjon enda i ein sjølvdyrkings-kultur utan himmel og utan Gud. Alternativet er å ta den trua vi har arva på alvor og gå oftare i kyrkja enn på treningsstudio. Elles kan Houellebecq få rett så altfor snart.

Denne artikkelen stod på trykk i avisa Dagen 1. oktober 2015.

Apostolisk suksesjon

Den kristne kyrkja er ikkje menneske-skapt, men Jesus-skapt. Ho vert ikkje bygd med demokrati, arbeidsmiljølov og politisk fornuft. Men ved apostolisk suksesjon.

Åndelege leiarar arvar Peters oppdrag å vere menneskefiskarar som handlar «på ditt ord, Herre». Kva såg Jesus i Peter? Ikkje heltemot, men vilje til etterfylgjing. Ein mann som viljug forsaka fiskegarn og fiskarkarriere. Jesus kunne ta ibruk heile mannen og heile livet hans. 

Gjennom kyrkja går ei linje av apostolisk lydnad. Menneske som held lydnaden høgre enn fornuften.

Jesus forsegla deira lagnad som han kalla. ”Legg ut på djupet,” seier han fyrste gongen. Og dei legg ut på djupet. ”Heretter skal du fange menneske,” seier han andre gongen. Og dei forlet alt og fylgde Jesus. Historia om fiskarane ved Gennesaretsjøen og deira liv, er universell. Jesus kallar menneske til å legge ifrå land, å gi seg i veg frå eit sjølsikra liv til eit etterfylgjarliv.

Etterfylgjaren seier som Peter: “På ditt ord, Herre!” Det er ikkje han som har sluttar seg til Jesus, men Jesus som investerer i han. Om prosjektet mislukkast, sit Jesus med tapet. Livet er ikkje i mine hender, men i hans.

Dette er apostolisk suksesjon. Det er aldri noko mål for for den kristne kyrkja å vere «up to date», moderne, motekorrekt. Det spelar inga rolle om Jesu kall bryt med hevdvunne karrierevegar. 

Å fylgje Jesus er ikkje alltid det mest fornuftige. Kor fornuftig er det å tru på bønesvar? Er det fornuftig å tru at brød og vin på alteret er Jesu Kristi lekam og blod? Kor fornuftig er det å gå imot den enorme bølgja av homo-ideologi som idag skyllar over Vesten?

Fiskaren Peter lærer oss at velsigninga finst i lydnaden mot den apostoliske suksesjonen. Det himmelske kallet er overordna dei besteborgarlege omsyn. Fornuften er lettlurt og ikkje påliteleg utan han underordnar seg trua. 

Stakkars den som prøver kombinere Skriftorda med det som til eikvar tid kjem frå avis-redaksjonane, opinionsdannarane og pressgruppene. Det fører fort til slaveri. Men å gå lydig på Jesu ord, er å tene éin Herre. Og den lydnaden opnar for velsigninga.

Både apostelen Peter og apostelen Paulus enda sine dagar i Roma. Desse føregangs-apostlane fekk betale med sitt liv for lydnaden mot det apostoliske kallet. Ved alle truslivet sine vegkryss, er spørsmålet om å tru som apostlane. Ikkje som dei mange eller dei mektige, men som dei første. Det er apostolisk suksesjon.

Denne artikkelen stod på trykk i avisa Dagen 21. juli 2015.

Slutten på komfortsona

Mykje tyder på at dagane er over då det var enkelt å vere tradisjonell kristen i Vesten. Det kjem til å koste meir å vere trufast læresvein. For den som er viljug til å stå opp for det kyrkja tradisjonelt har lært.

Sterke krefter i samfunnet legg press på oss til å fornekte kristenlæra om menneskeverdet og ekteskapet. Motstandarane insisterer på at dette er tru utgått på dato, at det er uempatisk og ukjærleg å hevde at menneskelivet er heilagt frå unnfanginga og ekteskapet er for mann og kvinne.

Sidan Jesu tid har kyrkja trudd at alle menneske, uansett alder og funksjonsevne, har ei Gud-gitt verdighet. Sjølv fosteret i livmora er berar av Guds bilete. Vi trur også at formålet med ekteskapet er sameininga av husbond og hustru for å vere foreldre og medhjelparar. Ekteskapet er eit unikt samband ikkje berre av hjarte og sinn, men også kropp, for at dei skal få born. Og seksuallivet er ikkje ei leikegrind for kjønnsmodne i fri utfalding, men eit liv i forpliktande rammer.

5-Caravaggio-DenialMange mektige kallar dette homofobi og trugsmål mot likestillinga. Det har blitt kostnader. Særleg for unge menneske. Ambisjonar, freden i nabolag og selskapsliv, posisjon i samfunn og slekt, karriereplanar og til og med venskap kjem i fåre.

Vi vert stilte på val mellom å skamme oss over evangeliet (Rom 1,16) eller vere trufast mot Kristus. Utfordringane er annleis for oss enn dei var for Peter: Ikkje «kjenner du denne mannen», men «står du for menneskets verdi og ekteskapets gudgjevne verdighet»?

Dei framstegsvenlege vil gjerne overtale oss med at abortsak og ekteskapssak er tapte kampar. Vi er på feil side i historia. Men historia er ikkje Gud. Utviklinga skal ikkje døme oss. Gud skal. Framtida for ekteskapet og tallause menneskeliv vert avgjorde av vårt mot og våre val. Vi blir spurde om vi vitna om evangeliet, levde etter det autentisk og integrert og betalte prisen for å vere læresvein.

Liberalismen framstiller seg som tolerant, men krev absolutt lydnad. Liberalismen toler ikkje at der er éin veg, éi sanning og éin Gud. I møte med ei slik tru, viser liberalismen eit tyrannisk ansikt.

Kardinal George i Chicago sa ein gong at han rekna med å kunne døy i si eiga seng, men etterfylgjaren hans måtte rekne med å døy i fengsel og hans etterfylgjar igjen å bli lynsja på torget. Dramatiske ord, men ei nyttig påminning om den moderne liberalismens sanne ansikt.

Tydelege teikn tyder på at dei som ikkje skammar seg over evangeliet, er iferd med å forlate komfortsona.

Denne artikkelen stod på trykk i avisa Dagen 18. mai 2015.

Fr. Ottar Myrseth: «Den tredje arena»

Etter filosofen Hegel har uttrykket «tidsånda» blitt brukt om det i samtida som er større enn oss og som vi har vanskeleg for å distansere oss frå. Vår tids ånd er prega av at det offentlege livet er blitt reint sekulært. Helse- og skule-vesen er religions-nøytrale. Kristent menneskesyn er under åtak. Familien og ekteskapet vert ombygde. Kristne kyrkjer bøyer seg for tidsånda og er ikkje lengre det uomgjengelege fundamentet den vestlege kulturen bygg på.

Det politisk korrekte får forrang i kyrkjeleg praksis og forkynning. Folkekyrkja minner stadig meir om Folkets Hus. Og der dei store går føre, fylgjer dei mindre etter. Frimodig forkynning vert mangelvare. «Verdiar» erstattar sanninga, og vert avgjort ved fleirtalsvedtak etter politiske prosessar. Det kostar å heise flagg mot tidsånda.

Slike tider splittar dei truande. Dei som trufast held på dei gamle sanningane, vert marginaliserte i sine kyrkjer og fellesskap. Mange teier. Somme dreg seg attende. Andre melder seg ut. Difor trengst det idag mobilisering på tvers av kyrkjer og konfesjonar.

Den kristne filosofen C.S. Lewis nytta uttrykket «mere christianity», berre kristendom. Tidsånda har berre plass for samtids-fornuften. Men «mere christianity» er at Gud er større enn oss, og vår lukke er å leve etter hans fornuft. Gud seier at kvart menneskeliv er ukrenkjande, at ekteskapet er «eit stort mysterium», at mennesket er eit åndeleg tempel, at familieliv er eit guddomeleg oppdrag, og at borna høyrer Herren til.

C.S. Lewis skriv at der er ein orden i universet som menneske med ulik tru kan erkjenne. På slikt grunnlag kan mange som trur at Jesus er den levande Herre over kosmos, arbeide saman. Dei som innser at kampen mot tidsånda handlar om meir enn konfesjonelle ulikskapar og at det heilage er under åtak. Dette er den tredje arena.

Her trengst mobilisering. Den tredje arena er nivået over våre kyrkjelydsfellesskap. Der kan lutheranarar og katolikkar, pinsevener og baptistar, misjonsfolk og karismatikarar lære av og styrke kvarandre, skape visdoms-baser og front-fellesskap.

Vi vil sikkert bli usamde, men når vi  står saman om Skrift-lojaliteten og saman vil vende attende til Jesus, kan vi saman avsløre kva som står på spel. For den Logos som held heile verda ihop, er ikkje ein idé, men ein person.

Og det som er sant, er sant sjølv om ingen gjer det, og det som er usant, er usant sjølv om alle gjer det.

fr. Ottar Mikael Myrseth, prest i St. Olav misjon, Ålesund

Fr. Ottar Myrseth: Guds bilete

I dagsaktuelle kontroversar vert vårt syn på mennesket stadig sett på prøve. Då trengs tydeleg forkynning av Guds syn på oss. «Lat oss skape mennesket i vårt bilete, i vår likning,» seier Gud i skapinga (1.Mos 1,26). Mennesket er gitt eit uutsletteleg gudspreg til å leve eit liv i etterlikning av den heilage Gud sjølv.

I gudmennesket Jesus har Gud gjenoppretta sitt bilete på jorda, og sett som frelsesmål for oss å «verte fornya etter sin Skapars bilete» (Kol 3,9f).

Gud arbeider som biletkunstnar som formar etter eit forbilde. Dette forbildet er Kristus. Her på jorda framstår det himmelske biletet berre som ein skugge (Hebr 10,1), men ein gong skal vi erkjenne og ære desse skuggane som verkelege. Slik vatnet i dåpen er meir enn vatn og brødet i nattverden er meir enn brød. Våre medmenneske er ikonar som Gud vil reise opp til himmelsk herlegdom.

Kristen forkynning gir somme tider inntrykk av at Gud vart berre ord og ikkje menneske. Då kjem menneskesynet i ubalanse. Orda tek bustad i arkivet. Men Ordet busette seg hjå oss, midt i våre liv, som vår næraste slektning. Difor er bilete så viktige i formidlinga av himmelen på jorda. Det vi ser er like viktig som det vi høyrer, det vakre like viktig som det sanne.

Menneska er Guds-ikonar som har hamna i veggrøfta og blitt skada. Og som ein miskunnsam samaritan, skal kyrkja hente dei opp for å reinse og restaurere dei og gi dei eit herberge til Jesus kjem att.

Kristen tru reknar med konformitet mellom Gud og mennesket. Difor er kommunikasjon muleg. Mennesket har guddomelege evner. Inkarnasjonen (at Gud vert menneske) er det fremste uttrykket for korrespondansen. Guds fødsel som menneske er føresetnad for menneskets guddomelege atterføding. Guds jul endar med menneskets himmelfart.

Difor treng vi å gi dei kristne bileta, fremst av dei ikonane, plass i gudstenesta vår.

Inkarnasjonen gjorde det uråd for den kristne kyrkja å la vere å skape bilete. All nåde og sanning vart synleg med biletet av den usynlege Gud. Bileta formidlar sider ved Guds frelseshandling som ord ikkje kan erstatte.

Johannes av Damaskus (700-talet) skriv at ikonet si oppgåve er å opne mot det himmelske, å vise oss det som foregår i himmelen. Ord eller jordiske former kan ikkje klart framvise himmelen, men bileta kan. Dei har same innhald og meining som evangeliet. Forkynniga skal vere eit verbalt ikon. Ikonet eit måla ord.

Fr. Ottar Mikael Myrseth. Innlegget stod også på trykk i Dagen 12. februar.