Vi liker ikke uttrykket jul!

Advertisements

Minne

Minnet vårt er ei kraft som formar både vår personlege og kollektive identitet. ”Gjer dette til minne om meg,” sa Herren då Han overrekte apostlane og Kyrkja kalken og brødet, evangeliet og fullmaktene.

Jesu mor gøymde sine minne. Ho ”gøymde alt dette i hjarta sitt og grunda på det”. Sameleis har den kristne Kyrkja teke vare på sine minne og overlevert dei gjennom generasjonar. Marias minne og Kyrkja sitt minne opnar for oss vegen til djupare kjennskap til Kristus. Når vi repeterer og held oppe Kristi ord og gjerningar, finn vi vår identitet.

Siste månaden han levde gav pave Johannes Paul II ut personlege refleksjonar, eit testamente frå ein leiar med skrantande helse. I ”Minne og identitet” reflekterer han over sitt livsløp, om dei mange berøringspunkt med det han kallar ’vondskapens ideologiar’ og kampen om kristendomens framtid i Europa. Som student møtte han nazismen, som prest og biskop kommunismen og som pave sekularismen. Dette høyrer med i hans minnebok.

Vi kjem ikkje unna at det gode og det vonde får vekse side om side gjennom historia. Vondskapen kan ikkje ryddast ut så lenge historia varer, men Gud har sett ei endeleg grense for han.

Europa er eit kontinent forma av kristen misjon. Det går ei linje frå då apostelen Paulus steig iland her i antikken fram til avsetjinga av Gud i opplysnings- og revolusjonstida. Vondskapen når sine høgdepunkt med dei morderiske ideologiane på 1900-talet. I dag foregår ei gjennomgripande nyforming av Europa der gamle minne vert raderte bort.

Europas kristne minne må vekkjast til live om ikkje vårt kontinent heilt skal misse sin identitet. Demokratiet er ikkje noko eintydig redning. Demokratiske prosessar kan suverent setje Guds vilje til side. Det skjedde i forkant av jødeforfølgjingane, når abortlovene vart vedtekne og når vestleg grådighet tilranar seg ressursane på jorda.

Kva betyr mi vesle historie oppi dette store perspektivet? Min oppvekst var nyskaping (fredsåra), forsaking (rasjoneringa), vellevned (velferdsstaten) og opposisjon (studentopprøret). Mi fyrste prestetid var ideologisk kamp (abortsak og politisk overstyring av kyrkja), reevangelisering (dåpspraksis og folkekyrkje) og oppbrot (brotet med statskyrkja).

For kardinalen frå Polen som vart pave i Roma, voks dei personlege oppåvene og det overnasjonale oppdraget saman. Mitt liv utfaldar seg på ein liten og heimleg arena. Eg må finne samanhengane i mi minnebok som fortel korleis Guds plan og meining formar min identitet.

I fokus, Dagen, november 2018

Katolsk i Frankrike

Frankrike har historisk vore eit av dei heilstøypte katolske land i Europa. I dag står dei vakre katedralane Notre Dame, Chartres og så vidare att som lite meir enn fortidige minnesmerke over ei tru og ein livsstil som har visna vekk. Kanskje kan også kristendomen sin lagnad i vår del av Europa avlesast på det som skjer i dette landet.

Årsakene til avkristninga er sikkert mangfaldige. Den franske historieprofessoren Guillaume Cuchet ved Universitetet Paris-Est Créteil, gav i år ut boka «Korleis verda slutta å vere kristen: kollapsets anatomi» der han bygg konklusjonane på omfattande statistisk materiale.

På 30 år fram til århundreskiftet gjekk prosenten som nytta skriftemålet i Frankrike ned frå over 50 til under 20. I dag er messe-deltakinga nede på 1,7 prosent. Ein prest kan i dag ha ansvar for 20–30 prestegjeld og berre feire regionale messer.

Cuchet meiner den katolske kyrkja sjølv har hovudansvaret for forfallet. Omskiftet kom med 2. vatikankonsilet i 1965. Konsilet sette seg som mål offensivt å møte den nye tida sine utfordringar. Men i staden for å bli lytta til i samtida, har kyrkja sjølv blitt sekularisert. Konsilet gjorde omfattande liturgiske reformer som vart tolka som frislepp av liberale tolkingar og utbreidd lokal eksperimentering. Både i liturgien, i familielivet og privatlivet vart forpliktinga på ein nedarva tradisjon oppløyst. Tydeleg avlesbart på samanbrotet i skriftemålspraksis.

Men enno større ansvar meiner Cuchet at prestane har som i tråd med den nye tida slutta heilt å invitere til og forkynne om dette. Forkynninga av synd og samvit, anger og bot forstumma. Skriftemålspraksisen vart trivialisert og nattverddeltakinga stupte. Det merkast også at forkynninga av dei fire siste ting (døden, domen, himmelen og fortapinga) opphøyrde. Det var som om prestane sjølv hadde slutta å tru på det.

Så kvifor då gå til kyrkje, kvifor be om syndstilgjeving, kvifor tru på eit liv etter døden, skriv Cuchet. Ikkje rart statistikken har hamna på 1,7 prosent franskmenn som går til kyrkje ein gong i månaden.

Har denne kunnskapen relevans her til lands? Katolsk kultur skil seg på mange måtar frå protestantisk. Men skal tru om ikkje kyrkja har like mykje ansvar for avkristninga her til lands? I så fall er dette vegen ut av vår tids åndelege krise: Trufaste prestar og predikantar som forkynner tydeleg om synd og syndstilgjeving, frelse og fortaping. Og som kan rettleie om at vegen til det gode livet går gjennom åndeleg disiplin og praktiserande kyrkjeleg disippelskap.

Marimesse om høsten

Avfotografering av ikonet «The eternal sleep». ROØ

15. august feirer vi dagen for Marias innsovning – også kalt for Marimesse. Dagen avløser den to uker lange hensvonelsefasten og har en lang historie som minnedag i Kirka. Alt på 100-tallet markerte den kristne menighet dagen. Maria vitna på en heilt spesiell måte med sitt liv om Jesus Kristus. Hun som fødte Jesus var Kristus-bærer på en særlig måte, men viser samstundes at alle kristne òg skal være Kristus-bærere i våre sammenhenger.

Maria er dessuten et sterkt symbol på hva Gud kan gjøre i og gjennom mennesker. Gud sier i første mosebok at det skal komme en kvinne hvis livsfrukt skal gjøre ende på slangens list og bringe tilbake rettferdighet og salighet til menneskeslekta. Denne kvinna er Maria, den nye Eva. Der Eva lot seg friste følger Maria Guds vilje og føder Kristus – den nye Adam som gjenoppretter liv og salighet for oss alle.

Festdagen for Marias innsovning markerer også en forskjell mellom Den nordisk-katolske kirke og Den romersk-katolske kirke. Vi feirer dagen lik Den ortodokse kirke til minne om hennes naturlige død mens romerne feirer at hennes syndfrie legeme og sjel ble rykka opp til himmelen før hun døde slik Enok og Elia ble det.

Likevel har vi samme forståelse av at hun sammen med alle de hellige er våken til stede i himmelen og der går i forbønn for oss og tar del i gudstjenestefeiringa vår.