Frå 70-talet til 70-åra

For litt sidan kom ei bok meg i hende: Inger-Lise Finstad: Brennende hjerter, om Jesusbevegelsen og det radikale 70-talet. Forlaget Efrem og forfattaren har her levert ein viktig historisk peikepinn både for oss som levde den gongen og dei yngre.

1970-talet var prega av eit generasjonsopprør. Men like mykje av ein generasjon med initiativ, sosialt samvit og engasjement. Maos lille røde og Bibelen. Chateau Neuf og Trefoldighetskirken. Guds fred og Children of God. Eit politisk opprør med kamp for likestilling og fri abort. Og ei åndeleg oppvakning med Jesusvekkelse, store kristne ungdomskull, tensing-kor og evangelisering på gatehjørna. Og med kristensosialistar oppi det heile.

Vi gjekk i demonstrasjonstog mot kolonimaktene i Afrika, mot Vietnam-krigen, mot abortlova og for Alternativ jul. Eg har enno liggande buttons for solidaritet med fiskerigrenser på Grønland, Ja til livet og nei til EEC. Både studentar og ungdomsskuleelevar kunne dei politiske argumenta og alle slagorda. Alle nivå i samfunnet var «heftig og begeistra». Engasjementet dreiv både ungdomane som sat rundt kjøkkenbordet med cola-flaska i intim samtalte med Jesus og dei som fylte gatene med politiske slagord.

No er eg sjølv komen i 70-åra og kan som Inger-Lise Finstad reflektere over kva vi hadde og kva vi treng.

Ho har gjeve oss ei bok som bør lesast av både studentar og pensjonistar idag. «Where have all the flowers gone?» Kvar vart det av Jesusbegeistringa?

Sidan 80-talet har velstandssamfunnet utvikla seg med rekordfart. Raddisar frå ungdomsopprøret har lenge sete som godt betalte konsulentar, rådmenn og disponentar. Idag lid både ungdomsarbeid i kyrkjene og ungdomane som heng på gatehjørna, av mangel på friviljuge som vil vere vaksen-førebilete og ofre eigen tid, krefter og karriere. Vi er blitt born av ein individualistisk kultur. Karriere har konkurrert ut idealisme.

Det er mange unge der ute som er gripne av Jesus og lengtar. Men i store delar av ungdomsgenerasjonen er Jesus-vekkelse bytt ut med ein psevdo-religion som sosiologar  kallar Moralistisk Terapeutisk Deisme. Denne vidarefører minimalt av historisk kristendom og dyrkar velvære, lukke og styrka sjølvkjensle.

Eit tilbakeblikk på 70-talet kunne trengast i mange miljø. Er vi blitt ein generasjon av sjølvdiggande navlebeskuarar? Faren er overhengande for at ein slik kultur imploderer i sosial apati og desengasjement.

«Gi meg de brennende hjerter.» Inger-Lise Finstad si bok er ein kjærkomen augeopnar for nokon kvar.

I fokus, Dagen 13. jan 2023

Ottar Mikael Myrseth

ottar.myrseth@gmail.com

Kristmesse

I desemberdagane kjempar ulike julestemningar om overtaket. Eg meiner å ha registrert minst tre.

I 1927 skreiv Arnulf Øverland: «Et barn er født i Betlehem / og barn er der født i alle hjem / og mange av dem har funnet fred / på et rettersted». Slik insinuerte han at Jesusbarnet ikkje medfører anna livsfornying enn det einkvar barnefødsel gjer. Heller ikkje Jesusbarnet sin offerlagnad er spesiell. Ikkje mange tenkjer så radikalt som Øverland.

Men ein kvasiheidensk juletradisjon er ganske dominerande. Ikkje heilt heidensk, for vår tid er tross alt etter-kristen. Og kristendom har i mange hundre år sett sitt preg både på tankegong og åtferd. Så både julemelodier og julesymbol dukkar opp. Men dei som protesterer mot kristent monopol på julefeiringa, får bra drahjelp i det som minner om norrøne midtvintersblot: Julebord med overstadig eting, drikking og sjekking og fullt køyr på handel og konsum.

Den borgarleggjorde jula er fredelegare, med toleranse, glede og familieidyll i framsetet. Dei gode verdiane er med, men minst muleg sjenerande religion. Julestemning henta frå dei gamle julesongane, men gjerne med alternative tekstar, tilpassa og ufarleggjorde: Deilig er julen, borte er Guds himmel. Og med ny-songar om Rudolf og jinglebells og snowflakes, eventyr om julenissar og snødronninger, er idyllen sikra. Formålet er berre jul, som eit mål i seg sjølv.

Om kristen julefeiring skal stå seg, må ho markere sin eigenart og framstå som tydeleg alternativ. Eg trur vi må ta tilbake det namnet som betre enn noko kan markere kristen jul: Kristmesse. 

Kristen julefeiring har også god hjelp i kalendaren. Medan både kvasiheidensk og borgarleggjort julefeiring foregår frå midt på hausten til julaftan, startar den kristne på juledag og varer til kyndelsmesse. Då vert det god tid til også å markere advent som noko i og for seg sjølv.

På mitt barndoms Sunnmøre var det juleotte i mange kyrkjer og ingen julaftans familiegudsteneste. Jesu fødselsdag vart feira med englane og hyrdingane som vandra til Betlehem for å bli augevitne. I romjula kom Jesu fyrste martyr, Stefanus, og minnedagen for dei uskuldige borna myrda av Herodes, før Jesu namnedag og dei heilage tre kongane kom for å hylle Frelsaren.

Øverland sin apell endar slik: «Jeg sier til jer som har slavet og blødt: / Eder er ingen frelser født! / Jeg sier det atter til tøs og trell: / Frels eder selv!» Vårt alternativ er: «En Frelser er oss født i dag!»

Lukke til med å velje di julefeiring.

I fokus, Dagen 5. des 2022

Ottar Mikael Myrseth

ottar.myrseth@gmail.com