Glad i liturgi?

Variasjonen er stor når det gjeld form og stil i måten å tilbe Gud i ulike kristne forsamlingar.

Innreiing og møblering i gudshusa avslører mykje: Når miksepulten er større enn altaret; når ein forseggjord talarstol er det mest dominerande inventaret; når slagverket er det mest iaugefallande møbelet; om veggane er nakne eller pynta med bibelske bilete – seier det ein del om det åndelege livet på staden.

Vi har ein rik tradisjon med det vakre ordet ’bedehus’. Men det er sjeldan bønealtaret er meir synleg enn talarstolen. At Guds ord, forkynning og undervisning står sterkt, er ein opplagt rikdom. Men var det ikkje noko meir?

Etter som avstanden mellom folkekyrkje og kristenfolk har vokse seg til dels uoverstigeleg her til lands, har mange fått det travelt med forsamlingsbygging. Kristenmiljø som hadde vent seg til kun å vere ’attåt’ folkekyrkja, måtte til å ta ansvar for heile breidda av forsamlingsliv: gudsteneste, dåp, konfirmasjon, vigsel, gravferd m.m.

Tenk om fleire i denne tida hadde fått opp augene for rikdomen i den liturgien som har fylgd kristen gudstilbeding frå starten til våre dagar! Fått erfare djupnene i dei liturgiske bønene. Blitt rikare av å oppdage at Gud er større enn alt det eg og vi kan prestere og formulere.

Liturgien er det vakre fartøyet som fører kvardagsmenneske inn i den heilage Guds nærleik, som gir ord og bilete til å fasthalde sanningar om både himmel og jord, som gir bønelivet same breidde og høgde som truslivet.

Det er liturgien som lyftar og ber tilbedinga vår, lærer oss å be og set oss fri frå eigne prestasjonskrav.

Somme hamrar og bankar og diktar og formar og vil lage veltilpassa liturgiar som folk skal kjenne seg heime i. Men Kyrkja sin liturgi er ikkje oppteken av å vere moderne og veltilpassa. Han er overlevert oss gjennom generasjonar og århundre og spreidd i alle himmelstrøk. Han er utprøvd, brukt og gjenbrukt. Han har bevist at han fungerer.

Det er ikkje moderne å innrøme at det gamle er best. Sjølv når ein vil vere bibeltru, vert gjerne dei liturgiske formene påfallande heimesnikra når dei skal vere av nyare dato. Liturgien har si historie. Han er komen til oss som hjartespråket til truande menneske som Lukas og Paulus, Basilius og Benediktus og mange andre kjende og ukjende.

Kva kunne ikkje hende om kristne leiarar sette seg saman for å trengje djupare inn i liturgisk spiritualitet, for å lytte til dei som kjenner historia og lære av dei mest erfarne.

I fokus, Dagen 5. april 2022
Ottar Mikael Myrseth
biskop i Den nordisk-katolske kyrkja

Guds mor

Fremste kvinna i vår religion vitjar oss to gongar i kyrkjeåret mellom jul og påske: Kyndelsmess og Marimess. Då er det tid for å ta oppgjer med både den feministiske og den radikal-protestantiske avvisinga av henne.

Berre evangelisten Lukas har lengre forteljingar om Maria. Likevel er ho, saman med Pontius Pilatus, einaste mennesket nemnd i trusvedkjenningane. Frå andre kjelder stammar forteljingane som har gitt kyrkja fleire Maria-dagar, m.a. unnfanging (8. des), fødsel (8. sept), presentasjon i templet (21. nov), innsomning (15. aug).

Mange har stua Maria vekk og hentar henne knapt fram til jul. Dette er gjerne resultat av 1500-talets radikale kritikk av Maria-kult som avgudsdyrking. Idag har feministar kritisert det same som seksualfiendtleg patriarkalisme, kvinneundertrykkjing og muleg overgrep.

Skrifta lærer oss at Maria er utvald. Guds frelsesplan var ikkje ein kvikk-fix for hjelpelause menneske, men å føde ei ny menneskeslekt, ei som tilhøyrer Gudsriket og ikkje menneskeriket. Til det trengte Gud ei kvinne.

Gud gjer Maria til kronvitne på kor høgt han verdset det kvinnelege. Ho vitnar om Guds dom over den kulturen menneska har skapt med maskulin maktbruk, høgrøysta hovmot, vald og våpenbruk. Guds frelsesplan kunne ikkje realiserast utan denne kvinna, audmjuk, rein, mild, trufast, kjærleg, åndeleg sterk. Alt det som den maskuline mannsverda hadde mista.

Kvifor tok den kristne kyrkja så godt vare på Maria? Kyrkjelæra voks fram som svar på vranglærer. Tidleg på 400-talet vedtok konsilet i Efesos at alle kristne måtte rekne Maria som Guds mor. ’Theotokos’ på gresk, ordrett: ’gudføderske’. Denne tittelen å hjelpe skuklle hjelpe oss å fasthalde at Jesus er både Gud og mann. Dei truande visste at om Jesus Kristus ikkje er Gud, kan han ikkje frelse, og om han ikkje er menneske kan han ikkje frelse oss.

Heilt frå Elisabeth si tid har det blitt repetert: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv.» Maria sjølv la til at «frå no av skal alle slekter prisa meg sæl». Dei fyrste kristne gjorde det til del av si gudsteneste. Når dei kom saman, prisa dei Maria sæl.

Fornuftig spekulasjon kring jomfrufødsel og avgudsdyrking fører berre i sirklar. Det er på høg tid, for bibeltruskapen si skuld, for kvinnesynet si skuld, for menneska si skuld og for Guds skuld å hente Maria fram som førebilete i tru, som kvinneideal og som vegvisar for alle som vil fylgje Guds vegar. Og å prise henne sæl.

I fokus, Dagen 24. februar 2022
Ottar Mikael Myrseth
biskop i Den nordisk-katolske kyrkja