Sekularismens død

Historikaren Tom Holland, som nyleg vitja vårt land, skriv i ein artikkel at sekularismen går mot sin slutt. Han bygg på to symptomatiske hendingar: President Erdogans omgjering og innviing av Hagia Sofia i Istanbul til moské, og statsminister Modis bygging av hindu-tempel i Ayodhya i India til erstatning for ein symboltung moské som mobben reiv ned på 1990-talet.

Begge handlingane framstår som kamp mot ein felles fiende: det vestlege, sekulære verdsbiletet. Atatürk som grunnla tyrkisk sekularisme, beundra europeisk modernisme. Grunnleggjarane av det sjølvstendige India etablerte ein sekulær republikk i tråd med engelske koloniherrar sine ideal.

Denne vestlege sekularismen står no for fall, hevdar Holland. Når nasjonalistiske rørsler i land som ikkje lenger er dominert av vestleg imperiebygging, gjer opprør mot inndeling av verda i religiøst og sekulært, skal vi fylgje godt med.

Dette er varsel om vanskelege tider for kristne minoritetskulturar og tradisjonell kristen misjon på fleire kontinent. Vi må engasjere oss for at dei skal overleve. Men vår opprydding må starte på heimebane.

I Vesten har kristne kyrkjer tilpassa seg ei inndeling av verda i religiøs og sekulær. Utan at Gud er avsett, er gudsdyrking tilvist til privat sektor i tilveret. Denne gud er heilt under vår kontroll og tilgjengeleg for interesserte til dekning av private behov. Staten opptrer som nøytral fotballdomar i den multi-religiøse kulturen. Folkekyrkja er ekstra utsett for å opptre som lojal medløpar.

Dette er tydeleg påpeika av den ortodokse teologen A. Schmemann, omtala i denne spalten av fr. Theodor Svane nyleg. Det kristne kyrkjer har oppfatta som harmonisk partnarskap med sekularismen, er ein fangenskap, seier Schmemann.

Det inste i sekularismen er negasjon av tilbeding, hevdar han. Men det er i gudstilbedinga at mennesket kjem i rett forhold til både seg sjølv og til skaparverket. Vismennene i Betlehem, som vi møtte i evangelieteksten for eit par sundagar sidan, viser oss vegen: «Dei fall på kne og hylla barnet.» Og ofra sine mest verdifulle gåver.

Sekularismens gud byd mennesket kunstige erstatningar for ’the real thing’. Istadenfor Kristi sanne mysterium, vert vi bydde vage og annanrangs ’sosiale’ og ’politiske’ råd, skriv Schmemann.

Kampen mot sekularismens fangenskap kan ikkje vinnast politisk, men gjennom djupare rotfesta kyrkjelydsliv. Menneska må velje mellom å kontrollere Gud og å tilbe han.

Les boka av Schmemann, nett utgjeven på norsk: «Til liv for verda».

Ottar Mikael Myrseth
biskop i Den nordisk-katolske kyrkja
I fokus, Dagen 18. januar 2022

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s