Den nye regjeringa legg om kyrkjepolitikken. Krava for å vere kvalifisert for sokalla ’statsstøtte’ vert strengar. Kjønnsbalanse, medlemstal, likestilling, ikkje-diskriminering i tilgong til verv og stillingar m.m. har kome i fokus. Og retten til skattefrådrag for milde gåver vert halvert.
I vårt land har staten hatt tradisjon for å leggje til rette for trussamfunn. Den norske kyrkja sin posisjon som folkekyrkje er sikra gjennom grunnlova. Og «alle tros- og livssynssamfunn skal understøttes på lik linje,» heiter det vidare.
Religiøse organisasjonar og institusjonar har vore privilligerte også med vigselsrett, støtte til drift av religiøse skular, kyrkjeleg administrasjon av gravplassar m.m.
Tross privilegia er idag oppslutnaden om kyrkjene mindre sjølvsagt enn på lenge. Spriket mellom kyrkjemedlemskap og frammøte til gudstenester og kyrkjelege handlingar berre veks.
I slike tider er det nærliggande å spørje kva som er kyrkja sine verste fiendar. Kva motarbeider mest effektivt Guds rike?
I både den eldste kyrkja og i mange land idag vert kristne forfylgde. Men underleg nok er resultatet at der veks den kristne kyrkja. I forrige århundre var det venta at vitskaplege framsteg skulle erstatte religionen, men tru lever stadig godt ihop med rasjonalitet og fornuft. Velstand og rikdom har også konkurrert med åndeleg liv, men kyrkja har vokse sterkt parallelt med økonomisk framgang t.d. i Sør-Korea.
Uventa for mange, og vel verd ettertanke, er resultatet av eit religionssosiologisk studium, gjengitt i tidsskrifta ’Sociology of Religion’ og i ’Christianity Today’ i vår, at politiske privilegier øydelegg mest for kristendomen.
Studiet av 166 land gjennom 10 år viser tydeleg at korkje utdannings- eller velstandsnivå i eit samfunn, men kor sterk statsstøtta er gjennom lovgjeving og politisk praksis, avgjer kor vital kristendomen er.
Når statsstøtta veks, minkar talet på kristne markant, konkluderte forskarane. Men der dei kristne må konkurrere på lik linje med truande frå andre religionar, trivast og veks den kristne kyrkja mest.
Kva ville Den norske kyrkja vore om ho fall ut av statsbudsjettet? Det ville gi den mest pålitelege peikepinn på kor sterkt ho står. Og om frikyrkjer og friskular skulle falle ut, kva ville bli avslørt?
Forskarane seier at når kyrkje- og misjonsfolket må bere også det økonomiske ansvaret sjølve, er veksten størst. Men når staten underheld kyrkjene økonomisk og politisk, kan han også stille politiske vilkår. Historia viser at då ber det utfor bakke.
I fokus, Dagen 8. desember 2021
Ottar Mikael Myrseth
biskop i Den nordisk-katolske kyrkja