Cancel culture

Styrkane som frigjorde Palmyra (Syria) i 2017 fann historiske bygningar, gravplassar og tempel  øydelagde av ISIS. Jihadistane ville med rå kraft viske ut religiøse og kulturelle uttrykk frå det menneskelege minnet.

Slik framferd er ikkje avgrensa til berre islamistar. Midt på 1600-talet raserte Oliver Cromwells menn i England kunstneriske uttrykk som glasmåleri i katedralar for å viske ut minne frå fortida som ikkje passa inn i hans ideologi.

Moderne revolusjonar har tenkt tilsvarande. Frå den franske til den kommunistiske revolusjonen har eit gjennomgangstema vore å reinske samfunnet for tradisjonar og konstruere noko nytt. Med enkle slagord vart massene mobiliserte til å forkaste gamle strukturar og destruere kulturelt minne.

Fundamentalisme kan vere både religiøs og anti-religiøs. ISIS er religiøse og anti-kristne. Kommunistar var anti religion. For alle handlar det om å forkaste fortida ved å viske ut minne og angripe former og institusjonar som er berarar av minna.

Idag går slike fundamenalisme-straumar over den vestlege verda. Ironisk nok kalla «woke», som oppvakning. Meir treffande er det engelske uttrykket ’kansellert kultur’ (cancel culture).

I USA har demonstrantar rive statuer av både Theodore Roosevelt og Abraham Lincoln. Churchill, Columbus og Hans Egede har også fått hard medfart. Universitet og institusjonar for estetiske fag vert angripne, og lærarar og kulturberarar får si karriere og sine fag øydelagde.

Her til lands dukkar rydde- og kansellerings-tendensen også opp. Statsråd Asheim ynskjer å ta grep mot denne trenden i akademia, og har oppnemnd eit utval.

Diskusjonen som har gått om å fjerne byster av MF-lærarar, passar altfor godt inn i ’cancel culture’-trenden til å gå fri for mistanke om at teologien ved fakultetet er under revisjon. Folkekyrkja har med demokratisk fleirtalsmakt kansellert både all kvinneprest-motstand og det til no einerådande synet på ekteskapet.

Liberalismen som rir vår tid, viser sitt intolerante ansikt når dette skjer. Slagord om kulturelt mangfald og livsynsope samfunn viser sine grenser når samtida les korrektur på historia.

Den kristne kyrkja er eit bakvendtland der dei gamle sanningane er best. Når notidas populære ideologiar vert overordna klassiske uttrykk for tru og teologi i kyrkja, er ho blitt offer for menneskeleg dårskap. (Les 1 Kor 2).

Ottar Mikael Myrseth

prest i Den nordisk-katolske kyrkja

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s