Trøyst for ufødde

Dei fromme ropar til Gud. Slike rop har fått nedslag i dei gamaltestamentlege Salmane. Også dei ufødde ropar. Dei kjenner sin Skapar, og her vert dei høyrde. Dei vert verdsette som menneske. «Herre, lytt når eg ropar. Lat mi bøn vera røykjelse for deg.»

Samfunnet vårt lyttar ikkje til dei ufødde, men diskuterer kor lenge og kor mange vi lovleg skal kunne ta livet av før fødselen. Det kallast ’sjølvvald’, men ikkje alle involverte får vere med på valet. Ikkje dei minste, svakaste, dei det får størst konsekvensar for. Heller ikkje pappa.

Debatten kallast ein abort-debatt. Men kor vidt abort er rett eller galt, vert ikkje spurt. Berre kor mange som skal kunne aborterast. Dei små menneska som enno ikkje har sett dagsljoset, får sine dagar talde, men livet deira har ikkje verdi i seg sjølv. Det kallast funksjonalistisk menneskesyn.

Trøysta for ufødde er at når menneskeborn ropar til Gud, vert dei høyrde. Men eit vink, eit spark eller eit blikk gjennom ultralyden vert ikkje høyrd. «Du har vove meg i mors liv. Auga dine såg meg då eg var eit foster.»

Samfunnet vil, som Pilatus, fråskrive seg ansvaret og legge avgjerda og skulda på mamma. Ikkje gje henne råd, ikkje bere saman med henne. Berre dette: Det er ditt ansvar og di avgjerd og di skuld. Men Herren kjenner både barnet og mamma sine løynde sukk, tårer og smerte. «Før eg har eit ord på tunga, Herre, kjenner du det fullt ut.»

Enn så lenge kan dei 12 veker gamle kjenne seg trygge. Men ikkje lenge. Snart kan det bli opna for å fjerne dei 18 veker gamle og kanskje dei 22 veker gamle. I land vi samanliknar oss med, er det fritt fram også for dei som straks skal fødast. «Alle dagar er skrivne opp i di bok, dei fekk form før ein av dei var komen.»

Vi eksperimenterer med grunnlaget for sivilisasjonen her til lands. Då kristendomen kom, gjorde dei slutt på å setje born ut i skogen for å døy. Det er ikkje mykje betre å legge dei på eit bord med same formål.

Når mennesket gjer seg til herre over liv og død, leikar det Gud. Den sokalla abortdebatten parkerer tradisjonell medisinsk etikk og opnar for sjølvvald avslutning av livet, både ved starten og ved slutten. Konsekvensane av dette eksperimentet ser vi ikkje fullt ut. Men spora skræmer.

Ottar Mikael Myrseth
prest i Den nordisk-katolske kyrkja

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s