Kven har ansvaret?

Eit nytt ekteskapssyn breier seg i samfunnet. Dette har på kort tid vorte allmengjort. Og det som for 15 år sidan var normalt, er blitt ekstremt.

I tråd med den nye normalen vert livsromet trongare for dei som praktiserer som før. Utslag viser seg t.d. når politikarar vurderer vilkåra for offentleg stønad til kristen verksemd.

Kommunar på Jæren har vore i fokus. Politikarar vil slå handa av foreiningar og organisasjonar dei reknar som avvikarar frå normalen. Studentar utdanna på NLA vert mistenkte, vert nekta praksisplassar og får varsel om å vere uønska ved framtidige tilsetjingar. Folk reagerer med sjokk og vantru i selskapslivet når nokon framleis hevdar at ekteskapet mellom mann og kvinne er berande norm i samlivsetikken.

Kven har ansvaret for haldningsendringane?

Mange aktørar har vore aktive. Men leiinga i folkekyrkja må ta hovudansvaret. Den norske kyrkja har i generasjonar prega folkelege haldningar til kva som er sentralt kristent og kva som er avvik. På kort tid har ho snudd heilt om i sitt syn på ekteskapet.

Sidan århundreskiftet har det vakse fram eit stadig sterkare fleirtal for nytt ekteskapssyn både i bispemøtet og kyrkjemøtet. Heilt til eit samla bispemøte i 2017 stilte seg bak liturgien som opnar for kyrkjeleg vigsel av samkjønna par.

Rettnok forsvarte ein seg med at to motstridande syn skal reknast som likeverdige. Men etter som tida går, erkjenner stadig fleire sjølvbedraget i eit slikt forsøk.

Det som for 15 år sidan av dei fleste og i den folkelege opinion vart rekna som normal ekteskaps-etikk, fell no utanfor normalen og er blitt ekstremt. Med sin dominerande posisjon i kristen-Noreg, ber Den norske kyrkja ansvar for at slike moderniseringar også trengjer inn i frikyrkjelandskapen og set standard for kva den folkelege opinionen reknar som ’normalt’.

Klassisk kristendom og majoritetshaldningar i samtida har forlatt kvarandre. Dermed kom ei ny tid for det kristne nærveret. Ikkje lenger kan kristne rekne med offentleg stønad, korkje verbalt eller økonomisk. Kyrkjeleg verksemd må omstille seg.

Tida er komen for å tenkje at vi må overleve som minoritet i eit etter-kristent samfunn. Det kan også bli tida for økumeniske strukturendringar og for å finne saman over gamle skiljelinjer.

Kanskje må også Den norske kyrkja snart lære seg å stå på eigne bein utan statsbudsjettet. Kolossar står ustøtt på leirføter.

I fokus, Dagen 2. mars 2021

Ottar Mikael Myrseth
prest i Den nordisk-katolske kyrkja

A Man in a Hurry

Christ Preaching in Galilee

Mark 1,29-39

Familiarity with these verses, and those immediately preceding, can mask the sheer impact of Jesus’ visit to Capernaum at the start of his ministry. Here is power at work – not power as the world understands it, for worldly power often becomes an exercise in control – but the power of liberation, liberation from the shackles, often unseen by others, that imprison and can ultimately destroy. The shackles of illness, guilt for past failings, of lives broken by the pressures of everyday living. And time is limited, to preach the good news that a new age is dawning, where in the words of that much loved hymn by Charles Wesley [our] chains fell off, [our] heart was free, and to demonstrate in acts of healing God’s love at work in the lives of ordinary people. Jesus comes to the people of Capernaum two thousand years ago, and to us and our world today as the answer to the deepest human needs, the need to be valued and loved, the need to be accepted – warts and all – in the words of Oliver Cromwell. Read more.