Den bortkomne Faderen

«Eg hadde levt som den bortkomne sonen og var som han komen i naud; men då eg som han søkte heim att, var Faderen borte,» skriv Garborg i romanen «Den burtkomne Faderen» (1899). Når gamle sanningar er forlatne og menneske opplever den store einsemda, er det tid for å søkje meining og samanheng i livet. I dag er mange på leiting etter slikt rotfeste.

Vår tid ser ut til å ha som fellesnemnar ein generasjon som er personleg forvirra. Skal vi tru Arne Garborg, har det si djupaste årsak i eit forkludra gudsbilete. Då er ikkje gudsfornekting største trusselen mot kristendom. Heller ikkje menneske som lever på tvers av Guds vilje. Men forførande forestillingar om Gud, vakse fram i ein generasjon som har mist Faderen.

Langt på veg har vi sett oss sjølve i Faderens stad. Men forsøka på å ta kommando over jorda eller universet, eller over berre vesle meg, enda som den bortkomne sonen. Han miste fyrst Faderen og så seg sjølv. Og med Garborg som talsmann for vår generasjon, og med julefeiringa like om hjørnet, høver det å minne om:

Jula handlar om vegen attende til den bortkomne Faderen. Sjølv om ikkje all julefeiring peikar i den retninga. Den kristne utgåva må vekkjast til live om ho ikkje skal drukne i ei kvasiheidensk med overstadig eting, drikking og sjekking, eller i ei borgarleggjort der horisonten stansar ved fred, toleranse, glede og familieidyll.

«Herre, lat oss få sjå Faderen,» tryglar læresveinen Filip. Og Jesu svarar: «Den som har sett meg, har sett Faderen.» Med dette utgangspunktet starta dei kristne å måle ikonar av Jesu ansikt.

Når Gud gjenopprettar falne menneske, opptrer han som biletkunstnaren som formar etter eit førelegg. Gud frelser menneske ved å forme dei etter biletet av Son sin. Og vi som har bore biletet av den jordiske Jesus, skal og bere biletet av den himmelske, skriv apostelen.

Difor måla dei fyrste kristne. Dei måla Jesu ansikt. Men også Guds mor Maria og andre heilage personar. Ordet var blitt menneske og tok bustad imellom oss. Vi fekk sjå herlegdomen den einborne Sonen har frå Far sin. Dette evangeliet vert fortalt på treplater.

Ikonet talar til oss og omskulerar oss til å tenkje som Gud gjer, om kjærleik, audmjukskap og om å fornekte seg sjølv. Ikonet av Jesu ansikt viser vegen attende til Faderen. Å be framfor ikonet er å gå inn i ein lækjande prosess. Gud vil gjere mennesket heilt.

Dette er juleevangeliet, bore til oss av ikonet. Det opnar vegen til den bortkomne Faderen.

Ottar Mikael Myrseth
prest i Den nordisk-katolske kyrkja

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s