Heilag og menneskeleg

Kan det heilage og det menneskelege eksistere saman? Mange har erfaring med heimleg spiritualitet der ’verdsleg’ er namnet for alt uåndeleg. Slik forkynning opnar for ubibelsk fornekting av mennesket og for gnostiske vrangforestillingar.

Gnostisisme er å velge bort det materielle, konkrete, fysiske. I dette universet er skaparverket ei feiltaking. Syndefallet skjer ikkje i skaparverket, men er sjølve skaparverket. Lengslar og kjensler dreg oss bort frå vår identitet som åndelege vesen. Frelse er eit reint åndeleg (virtuelt?) tilvere. Ein ibuande kunnskap kan frigjere oss frå det skapte.

Gnostisisme lever godt i forkynning som kontrasterer det åndelege og det menneskelege. Dette har Kyrkja kjempa imot sidan kyrkjefaderen Ireneus si tid, men idag lever det like fullt i somme forkynnartradisjonar.

Den verda Gud skapte fullkomen og god, var materiell, ikkje virtuell. Frelse går berre gjennom det faktum at Gud vart menneske. Så høgt elska Gud verda at han ikkje sende ei tekstmelding eller ein video. Frelsa er gjenoppretting og ikkje erstatning av det skapte. Å foretrekke digitale møte framfor fysiske, er difor gnostiske vanar.

Og kristendom er ikkje abstrakte idear, men sakrament. Ordet ’kyrkje’ betyr ’det som tilhøyrer Kyrios’. Og vår åndelege gudsteneste skal etter apostelen vere å bere fram for Gud, ikkje våre abstrakte draumar, men kroppar (Rom 12,1f).

Heilagdom er uløyseleg knytt til Gud Skaparen. Kravet om å skilje seg ut frå det skapte er gnostisk og ubibelsk. I heilagdomslova, at «de skal vere heilage for eg er heilag», er kravet til israelittane omsorg for både jordbruk og gjeldsslavar. Grunna Guds heilagdom skulle både fyrstegrøda ofrast og dei ufrie setjast fri.

Gnostisisme og sekularisme er også fårlege kompanjongar. I vår kultur foregår ein erosjon av det heilage. Den prosessen startar i Kyrkja, når saltet har mist si kraft.

Men jorda og alt som fyller henne, tilhøyrer den heilage Gud. Lausriving frå Han, er starten på ein veg som lett endar i det gnostiske abstrakte paradiset. Erfaring syner at menneske som prioriterer den Heilage, ikkje støyter folk bort. Det står dårlegare til med dei som bestiller omdøme-vurdering.

Det er på tide å ta oppgjer med misforståinga at det heilage er i motsetnad til det sant menneskelege. Gnostisk framadgjering av kroppen må bytast ut med tilbeding av gud-mennesket Jesus frå Nasaret.

I fokus, Dagen juni 2020
Ottar Mikael Myrseth
prest i Den nordisk-katolske kyrkja

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s