Sekulær eller heilag

Den kristne kyrkja har skapt kristne einskapskulturar i mange land. Men kva skjer i moderne tid når kristendomen er på retrett i dei same landa?

«Den moderne verda er full av gamle kristne dygder som har blitt galne,» skriv Chesterton. Likevel har religionssosiologar sett positivt på at kristne verdiar vert overtekne av samfunnet og at kyrkjene misser kontrollen over korleis vi skal leve.

Med Chesterton vil vi hevde at sekularisme er ein moderne heresi, sjølv om han har vakse fram av kristendom.

Det motsette av verdsleg er heilag. Det heilage har ikkje parallellar i menneskesfæren. Det kjem frå Gud og er som Gud. Det må vi ha in mente når det vert tale om avkristning.

For Gud byr menneske del i sin heilagdom. Gud vart menneske for å gjere mennesket heilt igjen. Kristen identitet veks fram i omgangen med Gud. Der mennesket tilbed Gud, lever den kristne Kyrkja. Men der tilbedinga forstummar, vert livet sekularisert. Sekularisme er altså gudstenesta sin konkurrent. Ikkje aktivt å dyrke Gud, er praktisk ateisme, sjølv om kulturen er aldri så gjennomsyra av kristne verdiar.

Gudsteneste er meir enn ei hjelp til å lukkast i livet. Gudsteneste er at menneske overgjev seg sjølve og verda til Gud. Rett gudsteneste handlar om å bringe heile verda med seg til Gud.

Heilagt liv på jorda handlar om å ta imot livet sitt frå Gud gjennom Guds heilage handlingar. Toleranse, sosial rettferd og økologisk balanse er vel og bra. Men berre det tilbedande mennesket som søkjer einskap med Gud, kan bidra til å oppfylle alt livs guddomelege formål.

Sekularismen imiterer kristne dygder, utan å leve dei. For det livet som ikkje er logga inn i Gud, er heller ikkje avhengig av Gud. Det er utan disippelskapet sin disiplin. Og det avlar ikkje den vekst i tru og liv som gjev heilagdom.

Når Jesus seier «min fred gjev eg dykk» (Joh 14,27) er dette ikkje ein FN-plan for urolege samfunn. «Ikkje den fred som verda gjev,» føyer Jesus til.

Progressive, idealistiske tankar i vår tid står oftast i skuld til kristen tru. Kristne ideal kan hyllast av sekulariserte menneske. Men avkristning er trua på at menneskeinnsats åleine kan utrette det same som gudsteneste. Når trua på utvikling og framsteg i menneskeriket erstattar trua på Gud og hans rike, vert det slik Chesterton skriv, at den moderne verda er full av gamle kristne dygder som går på tomgong.

Ottar Mikael Myrseth
prest i Den nordisk-katolske kyrkja
I fokus, Dagen febr 2020

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s