Fromme menn

Ei stor utfordring for kristendom i vår tid er privatisering, tydeleg uttrykt i slagordet «ikkje ein religion, men ein relasjon». Privatisering har redusert kristen tru til eit privat forhold til Jesus. Sjølv kor rett dette er isolert sett, er mykje gått tapt.

Ikkje minst saknar vi ei klar forståing av kva som vert krevd av fromme menn. Kristen forkynning har svikta menn og har i liten grad lagt til rette for at dei skal finne seg til rette og utvikle seg som kristne menn.

Det latinske ordet ’pietas’ femner vidare enn til fromme kjensler og relasjonar. Det siktar på det ein er forplikta til. Her må vi starte om vi skal nå ei forståing av korleis vi kan gjere menn fromme igjen.

Gud kalla patriarken Abraham til å ta ansvar for heile sitt hus og legge ut på Guds vegar. Dei fyrste kristne levde også i ein kultur der hus og hushaldning var grunnleggjande. Menn vart døypte med heile sitt hus (Apg 18,8).

Vi har fått vårt ord ’økonomi’ frå denne forståinga. ’Oikonomos’ tyder direkte omsett frå gresk: huset si lov. Ei hushaldning var ikkje ei bygning, men ein fellesskaps-struktur med faren som sentral leiar. Hans plikt var å sørge for at alle i hushaldninga hadde det godt, og dette gav fellesskapen ein vertikal dimensjon. Sjølv stod far til ansvar for høgare autoritetar (Mt 8,9).

Moderne familiar har mista kontakta med ei slik hushaldning. Både arbeidslivet og omsorga for trengande personar er flytta ut av familien. Familiar minner i dag meir om rekreasjons-sentra, med berre ein horisontal dimensjon. Då vert fort all høgare autoritet borte, og vi har ’ingen over, ingen ved siden’. Familieliv vert eit nettverk av gjensidig stimulerande relasjonar der både mors- og farsrolla vert omdefinerte i kompis-kategoriar.

Vår oppgåve i dag er å gjenskape kristne hushald som minner om dei nytestamentlege. Apostlane døypte heile huset, dvs. både dei som budde der og strukturen. Kvar medlem i familien fekk sine roller og plikter forma ut etter forbilde av Kristus og kyrkja.

Kristne familiar er meint å vere vegvisarar mot ein ny heilag orden, ein ny himmel og ei ny jord. Her har menn som fedre plikter overfor heile sitt hus: å sørge for dei og lære dei å leve i relasjon til sin himmelske Far. Å leve opp til desse pliktene er det som er meint med fromme menn.

I fokus, Dagen sept 2019

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s