Mann og kvinne

«Til mann og kvinne skapte Han dei.» 1.Mos 1,27.

Teikn tyder idag på at kristne som vågar å hevde at den naturlege skaparordninga for menneska er mann og kvinne, går tøffe tider i møte. Nyleg vart ein student i ein engelsk skule utestengd frå klasseromet fordi han hevda at det finst to kjønn: mann og kvinne. Hendinga er omtala og filma i den engelske bloggen ’Archbishop Cranmer’ 17. juni 2019.

Det foregår ein kamp om det naturlege. Kvinneleg og mannleg, ekteskap og familie, far og mor er iferd med å misse si klassiske meining. Nye omgrep kjem istaden og nytt innhald skal fylle ny-orda. Kjønnspolariteten mellom mann og kvinne, som har vore rekna som skaparordning, skal reknast som historisk og kulturelt betinga konstruksjonar. Kvar einskild skal no kunne velje sin kjønns-identitet og variere den over tid etter eige ynskje.

Kan det bli slik at spørsmålet om mann og kvinne, forståing av ekteskapet og oppfatninga om kva eit menneske er, skal føre til at folk misser jobben, vert støytte ut av det gode selskap og vert tvungne til å teie stilt?

Det er viktig at dei som vil forsvare klassisk kristen tru på dette området, let si røyst høyre. Det kan verte ubehageleg og kome til å koste både ære og posisjon. Men dagens debatt er iferd med å øydelegge vår forståing av det naturlege. Det vil gjere det vanskelegare for unge å finne seg sjølv, og det undergrev familien som institusjon.

Læraren i hendinga nemnd ovanfor påla studenten å halde si oppfatning for seg sjølv, for ho stemmer ikkje med den offisielle, nasjonale skule-’policy’. Studenten vart straffa for å hevde ei oppfatning som ikkje stemmer med den politisk korrekte sanninga.

Den offisielle oppfatninga på begge sider av Nordsjøen er inkludering av alle nye variantar av kjønnsidentitet, og alt anna vert rekna som diskriminering. Korkje i barnehage eller ved universitet skal det undervisast at det er Guds plan at han skapte menneske maskulint og mannleg og feminint og kvinneleg. Det skal ikkje heite ’far’ og ’mor’ no lenger, men fyrste- og andre-foreldre. Klassisk kristen lære kjem til å verte rekna som førmoderne og forelda. Og kanskje forbudt.

Det som startar med bortvising frå klasseromet, held etter kvart fram som statleg pålegg om å innrette seg etter vedteken ’policy’ og endar gjerne med at den som ikkje innretter seg, kjem under påtale for diskriminering.

Kven skulle tru det i inkluderingssamfunnet?

I fokus, Dagen, juni 2019

1 thought on “Mann og kvinne

  1. Helt riktig. Og det går så fort at både Animal Farm og 1984 er utdatert. Eksemplet fra England er ikke det eneste, og det er meningsløst hva troende utsettes for i yrkeslivet. Og her, på mindre enn et decennium har en «klubb» med noe over 3000 medlemmer fått monopol på den nye tids ideologi, formidlet for statlige penger til skoler og sndre, og støttet av all annen offentlighet. Og før vi vet ordet av det har vi en feministisk kjønnspolitisk ettpartistat, styrt av en minoritet med påstått støtte fra den store majoritet. Ytringsfrihet skal ikke finne sted for motstandere. Og motstandere er enten opposisjonelle som diskriminerer, sjikanerer, hater eller krenker, og som bør trues og plages. Eller det er direkte dissidenter som bør bures inne, gjerne i psykiatriske institusjoner for omskolering. Slik fungerte Sovjet. Alle bør lese Johannes 16 og se deg i speilet hver morgen for å forsikre seg: Alltid beredt? Ja, alltid beredt!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s