Fastetid

Ikkje å ete kjøt i fastetida, fisk på fredag og faste frå midnatt før ein tok imot nattverden var før andre vatikankonsilet kjennemerke for katolikkar. På tvers av klasse og stand, universelt og utan å vere kleresistyrt. Samstundes sett ned på av andre som ynskte ein meir åndeleg kristendom.

Dette sikre, felles kristne kjennmerket, dunsta stort sett bort då det vart redusert til eit individuelt forbrukarval, i klasse med med slankekurar og treningsprogram.

Faste var eit viktig element i Israel. Jødar visste kven dei var på grunn av kva dei åt og ikkje åt. Fastepraksis fylgde også Jesus og disiplane og dei kristne gjennom heile historia, ein praksis felles med dei fleste større religiøse tradisjonane. Både fredagar og dei 40 dagane i fastetida vart markerte som påminning om Jesu lidingar, om vår åndelege fattigdom og om vår identifisering med dei som svelt. I århundre har kristen praksis levd i rytma mellom faste og fest.

Vi treng å revurdere verdien av felles, fast og obligatorisk årleg fasterutine. I solidaritet med dei fattige og svoltne som veit at dei treng Gud for dei er trengande mellom menneska. Dette må igjen bli del av kyrkja sitt profetiske kall på jorda. Då held det ikkje med fromme einskildmenneske sin private praksis. Det må bli heile fellesskapen sitt sams vitnemål for omverda, at å vere kristen er å stå mellom dei trengande. Det handlar om å fornye den gamle fastetidspraksisen: bøn, faste og almisse.

Når oskeonsdagen denne veka innleier fastetida, skulle det gått ut hyrdebrev frå alle bispe- og generalsekretærkontor i alle kristne kyrkjer i landet. Vi treng det for Kristi skuld som takksemd for hans liding og død, som vidareføring av vår kristne fortid og som kjennemerke for kristen identitet i det multireligiøse samfunnet, til skilnad frå forbrukarsamfunnet som rasar ikring oss.

Visst vil det vere upraktisk og tungvint i mange samanhengar, på arbeidsplassar og i selskapslivet. Men slik er nettopp kjennemerket på profetiske symbolhandlingar. Dei vil alltid uroe og forstyrre den offentlege orden.

Viktigast for oss må vere at vår praksis vitnar tydeleg om våre kristne verdiar. Fysiske behov vitnar om åndelege behov. Til sjuande og sist er vi alle som menneske trengande. Overfor Gud manglar vi alt. Dette veit dei svoltne best av alle.

Kristendom er meir enn ein bunke dogmer som skal haldast for sant. Det er pulserande liv, rituelle rytmer, praksis som skal bringe på plass både tankar, kjensler, mentalitet og fysisk utfalding.

Og det vert ikkje fest utan faste.

 

I fokus, Dagen mars 2019

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s