Vi kjedar oss til døde

Kyrkjene i vår del av verda kjempar hardt for å vere relevante for moderne menneske. For å tiltrekkje seg tilhengarar er somme viljuge til å gi opp særtrekk ved kristen tru og tradisjon. Skal tru om dei ikkje forvekslar sjukdom og medisin?

For kva er på ferde når forkynning manglar djupne og fallhøgde, når sansen for eigne røter og historie kjem i bakgrunnen, når vørdnad for det heilage dunstar vekk og det manglar smerte og skjønnheit?

Filmskapar Randi Førsund skreiv nyleg engasjert om kor vanskeleg det var å få prestar til å uttale seg konkret om himmelen og livet etter døden. «I steden for å fortelle meg hva Bibelen sier om det evige liv, opplevde jeg at de unngikk meg», sukkar ei fortvila Førsund til Dagen.

Når pastorar, prestar og emissærar legg vinn på å vere «up-to-date», skal ein legge merke til kva som vert borte. Det heiter at for ikkje å skremme folk, må kristendom vere lett-tilgjengeleg (= så lite kristen som muleg). Ein sit att med meir dennesidig forkynning, og med kyrkjer meir kultur- og konsertopne enn som Gudshus og heilagdomar. Slik vert forfallet forsterka i staden for motverka.

Det er tragisk når åndelege skattar og estetisk djupne vert ofra i forsøk på å vere tilgjengeleg. Då har ein mist trua på sitt eige. Enn om det var slik at moderne menneske mest av alt søkjer svar på evige spørsmål?

Terapeut og entertainer kan mange vere. Men om det evige livet og vegen til Gud kan berre åndelege leiarar rettleie. Når dei som spør etter dette, kjedar seg og går skuffa heim, døyr kristendom. Kyrkja kan ende som seremonimeister utan ryggrad.

Kva trengst?

Tru på konkret bibelsk tale om det evige. Tru på at rettleiing om synd og sanning er god terapi. Tru på at det gamle kommuniserer i vår tid. At ærbødig tilnærming til substansielt trusinnhald, er vakkert og tiltrekkande. At motkulturelle miljø har appell. At ein prest som forkynner omvending, kan gjere det empatisk og med miskunn.

«Vi morer oss til døde» var tema for ei media-kritisk bok på 80-talet. I dag må vi som forkynner og underviser om Gud stille oss spørsmålet om folk kjedar seg til døde. Når det som ikkje klør i moderne øyre vert løynt under tjukke lag av melis og krem, haustar ein apati heller enn engasjement.

Artikkel i Dagen, 9. januar 2019

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google photo

Du kommenterer no med Google-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s