Katolsk i Frankrike

Frankrike har historisk vore eit av dei heilstøypte katolske land i Europa. I dag står dei vakre katedralane Notre Dame, Chartres og så vidare att som lite meir enn fortidige minnesmerke over ei tru og ein livsstil som har visna vekk. Kanskje kan også kristendomen sin lagnad i vår del av Europa avlesast på det som skjer i dette landet.

Årsakene til avkristninga er sikkert mangfaldige. Den franske historieprofessoren Guillaume Cuchet ved Universitetet Paris-Est Créteil, gav i år ut boka «Korleis verda slutta å vere kristen: kollapsets anatomi» der han bygg konklusjonane på omfattande statistisk materiale.

På 30 år fram til århundreskiftet gjekk prosenten som nytta skriftemålet i Frankrike ned frå over 50 til under 20. I dag er messe-deltakinga nede på 1,7 prosent. Ein prest kan i dag ha ansvar for 20–30 prestegjeld og berre feire regionale messer.

Cuchet meiner den katolske kyrkja sjølv har hovudansvaret for forfallet. Omskiftet kom med 2. vatikankonsilet i 1965. Konsilet sette seg som mål offensivt å møte den nye tida sine utfordringar. Men i staden for å bli lytta til i samtida, har kyrkja sjølv blitt sekularisert. Konsilet gjorde omfattande liturgiske reformer som vart tolka som frislepp av liberale tolkingar og utbreidd lokal eksperimentering. Både i liturgien, i familielivet og privatlivet vart forpliktinga på ein nedarva tradisjon oppløyst. Tydeleg avlesbart på samanbrotet i skriftemålspraksis.

Men enno større ansvar meiner Cuchet at prestane har som i tråd med den nye tida slutta heilt å invitere til og forkynne om dette. Forkynninga av synd og samvit, anger og bot forstumma. Skriftemålspraksisen vart trivialisert og nattverddeltakinga stupte. Det merkast også at forkynninga av dei fire siste ting (døden, domen, himmelen og fortapinga) opphøyrde. Det var som om prestane sjølv hadde slutta å tru på det.

Så kvifor då gå til kyrkje, kvifor be om syndstilgjeving, kvifor tru på eit liv etter døden, skriv Cuchet. Ikkje rart statistikken har hamna på 1,7 prosent franskmenn som går til kyrkje ein gong i månaden.

Har denne kunnskapen relevans her til lands? Katolsk kultur skil seg på mange måtar frå protestantisk. Men skal tru om ikkje kyrkja har like mykje ansvar for avkristninga her til lands? I så fall er dette vegen ut av vår tids åndelege krise: Trufaste prestar og predikantar som forkynner tydeleg om synd og syndstilgjeving, frelse og fortaping. Og som kan rettleie om at vegen til det gode livet går gjennom åndeleg disiplin og praktiserande kyrkjeleg disippelskap.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s