Kyndelsmess

Kyndelsmess er ein dag (2. februar) i kyrkjeåret då fleire tradisjonar møtast. Det eldste namnet på dagen er «Møtet», møtet mellom den gamle pakta og den nye, mellom profeten Simeon og Jesusbarnet, mellom lovnad og oppfylling i Guds frelseshistorie.

Vårt namn på dagen skriv seg frå det latinske namnet Missa Candelarum (Lysmesse) frå tidleg mellomalder då det vart praksis denne dagen å velsigne alle talglys som skulle nyttast i kyrkjene det komande året.

Maria fylgde den gamle pakta sine forskrifter om reinsing 40 dagar etter fødselen. Den praksisen heldt seg nesten til vår tid. Den norske Altarboka av 1920 hadde eige rituale kalla «Um inngangskonor» (bm: «Mødres kirkegang») om å ta imot ei mor i kyrkja etter ein barnefødsel. Det gav dagen namnet «Maria kyrkjegong» eller «Jomfru Marias reinsingsdag».

Dagen er eit vatnskilje i kyrkjeåret. Bak oss ligg juletida og framfor oss påsketida. Jesus legg bak seg Gennesaretsjøen og landsbyane i Gallilea og Samaria og legg ut på vegen til den heilage byen Jerusalem.

Framberinga av barnet Jesus i templet ber bod om det inste både i Guds vesen og i den kristne trua. Når Herren Jesus vert krossfest i Jerusalem, openberrar han offeret, sjølv-framberinga  som kjennemerket på kristendom. Å ofre er guddomeleg. Slik den Treeinige Gud gjer det, slik Jesu mor gjer det i templet, slik Sonen gjer det på Golgata, slik vert me inviterte til å leve våre liv.

«I dine hender, Fader blid,
jeg legger nå til evig tid,
min sjel og hva jeg er og har,
ta du det alt i ditt forvar.»

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s