
Samfunnsendringane i dei vestlege samfunna har omforma også kyrkjene og måten nye generasjonar tenkjer om Gud. Den største utfordringa for kristen forkynning og undervisning framover vil difor ikkje vere alle som heilt har sett til side all religion, men ein ny ’kristendom’ som utholar kyrkjene frå innsida.
For over 10 år sidan avdekte amerikanske sosiologar at ungdoms-generasjonen sitt religiøse og åndelege liv stort sett var overteke av ein psevdo-religion dei namngav som Moralistisk Terapeutisk Deisme.
Dette er ein religion som vidareførere minimalt av historisk kristendom. MTD bygg på at Gud har skapt og ordna livet på jorda, at hans mål er at menneska skal kome godt overeins med kvarandre og kunne oppnå lukke og ei styrka sjølvkjensle, men ynskjer ikkje å bli involvert i livet som anna enn problemløysar, og at gode menneske kjem til himmelen når dei døyr.
Denne dyrkinga av sjølvbilete og lukke speglar eit samfunn med målsetjinga å fremje eit lukkeleg liv for sjølvstendige individ. MTD hentar meir av sin inspirasjon frå andre kjelder enn den heilage Skrifta og er ikkje produkt av eit ungdomsopprør.
Vi er vitne til ei harmonisk vidareføring av foreldre-generasjonen si tru og truspraksis, ein religion som surfar godt på den forbrukar-mentalitet og liberale individualisme som har dominert vår del av verda og prega også foreldregenerasjonen som skulle tradere kristen tru.
Det står føre eit sjølvransakande oppgjer. Ei ny type kristne leiarar trengs for å møte ei ny type menneske. Skal bibelsk kristendom igjen kome på offensiven trengs leiarar med innsikt i korleis alt har blitt som det er. «Vis frå deg dei ugudelege mytane, som berre er tomt snakk» (Paulus).
Det trengs forstand til å møte individualismen og relativismen, og evne til å gi tillit til vi kan erkjenne Gud både via den naturlege og den historiske Guds-openberringa. Det trengs radikale møte med den kjærlege Gud som vil frelse oss frå den vonde og med den heilage Gud som kan helge og guddomeleggjere våre liv.
«Øv deg heller i gudsfrykt» (Paulus). Den som fryktar Gud, slepp å frykte noko anna. Han er Skaparen min, Herren min, Far min, Frelsaren min. Han er sentrum for livet mitt. Han er grunnen til at eg lever. Han er opphavsmann til alt eg eig. Tid, krefter, levedagar. Men den som ikkje fryktar Gud, har grunn til å bli både mørkredd og redd for å døy.
I fokus, Dagen, januar 2018