Flukta til Egypt

Etter den arabiske våren i 2011 har dei kristne i Egypt levd under stadig trugsmål frå radikal islam. Med Det muslimske brorskapet si maktovertaking i 2012 auka forfølgingane ytterlegare og er i dag på sitt verste. Er du kristen i Egypt i 2017, feirar du jul med fare for ditt eige liv. Det var ikkje betre på Jesu tid. Likevel valde Den heilage familien å flykte frå kong Herodes og dit.

Det vesle Jesus-barnet som vi feirar kvar jul vil alltid, i all si uskuld og reinleik, representere eit trugsmål mot den verdslege makta, for heile verda ligg i det vonde. Ho har ein annan fyrste som rådar grunnen, og det er inn i dette mørkret Gud sender sin eigen son for å fri ho frå dei vonde banda. Ingen kjenner dette betre på kroppen enn dei kristne i dagens Egypt.

Josef vart åtvara og flykta. Han valde Egypt i staden for jødane sitt eige heimland – noko som fortel mykje om det åndelege klimaet rundt Kristi fødsel. Han valde altså å sikre familien sin ved å reise til eit mindre uttrykt land. Han var ein mann som vaka over seg og sine og var vaken nok til å høyre då Gud ved englane sine talte om at han skulle reise. Han kunne valt martyriet.

Ein skal ikkje oppsøke martyriet. Kyrkjefedrane gjer det klart at ein heller skal flykte i forkant av forfølging enn med hovmod vente på at det skal kome. Diverre var det mange som ikkje kunne flykte. Mange barn måtte bøte med livet for at det eine kunne bergast, og desse er dei sanne martyrane i denne forteljinga. Dei første martyrane i samband med Kristi kome – til Guds ære og mødrenes trøyst.

Heller ikkje dagens koptarar kan flykte. Og skal vi vere ærlege, så lever også vi i Europa i ikkje-kristne samfunn. Difor har vi langt på veg same vala som Josef. Vi kan velje martyriet eller vi kan flykte. Vi kan rope ut at «Gud er god», drive valkamp, debattere julegudstenester og gå i tog mot homofil vigsel, eller vi kan velje Josef-vegen og trekke oss unna med det som er det mest dyrebare av alt i denne verda – vår herre og meister Jesus Kristus.

Så korleis flyktar vi i er verd som ser alt? Ein måte er å søke innover. I ei anna tung tid for dei egyptiske kristne, på slutten av 200-talet, sa ei av dei «kvinnelege ørkenfedrane» at for kvar meter vi går framover, må vi gå mil innover. Kanskje kan vi seie at for kvart ord vi skriv på sosiale mediar, bør vi skrive brev i vårt indre. For det er Kristus i oss som er håpet om herlegdomen. Det er Kristus i oss vi må finne og dyrke fram, for det er orda talt til oss gjennom vårt indre menneske, med bibelen som hjelp, som igjen kjem til å «riste alle folkeslag», slik profeten Haggai seier det i teksten vår i dag.

Alt til ære for Faderen, Sonen og Den heilage ande som var, er og blir ein sann Gud frå æve til æve.

Preika er henta frå messa i Stryn i Nordfjord, 29. desember 2017. Bileta er også derifrå. 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s