«Til Diognet»

Frå 100-talet, samtidig med forfattarane Justin Martyr og Tertullian, har vi eit av dei vakraste og viktigaste skrifta frå dei fyrste kristne, brevet til Diognet. «Det sjela er i lekamen, er dei kristne i verda,» heiter det her. Denne sjølvforståinga hadde ein generasjon truande i ei samtid då dei korkje passa inn eller kunne kjenne seg trygge. Likevel finn vi her ein av dei beste framstillingane av korleis den kristne kyrkja skal leve i verda.

Dei kristne var ein mistenkt minoritet. Denne ut-gruppa som var annleis enn alle, hadde eit tydeleg program. Og dei tok seg av kvarandre på ein måte som imponerte. Omsorg for fattige og sjuke var ukjend i den romerske verda. «Det som skil dei kristne frå andre menneske, er korkje fedreland, språk eller skikkar.» Dei er alminnelege folk, abortmotstandarar og vert kalla «ateistar» for dei avviser dei heidenske gudane. Difor vert dei vanæra og spotta. Men dei veit at deira tru ikkje er ei jordisk oppfinning.

«Dei bur i sine land, men som utlendingar. Dei tek del i alt som borgarar, men finn seg i alt som framande. … Dei giftar seg og får born, men set ikkje ut sitt avkom. Dei deler bord, men ikkje ekteseng. Dei lyder gjeldande lover, men har sin heim i himmelen.» Med si tru og sin livsstil held dei oppe eit samfunn som avviser dei. Som sjela held saman kroppen. Drivkrafta i dei er eit sterkt sjølvmedvit og kjærleiken dei har fått frå Herren sin.

Vår sekulariserte samtid har nok andre avgudar enn Romarriket, men kven som helst kan kjenne seg att i Diognets samtid. Kristendom vart fødd i ein kultur der abort, barnedrap, seksuell forvirring, lauslivnad, misbruk av makt og utnytting av dei fattige var daglegdags.

Dei kristne kjende historia og visste også korleis ho ville ende, for dei var etterfølgjarar av historia sin Herre. Dei visste at deira tru ikkje var eit produkt av historia, men at historia er eit produkt av deira tru.

Med dei som førebilete er det vår oppgåve ikkje å gjere jorda om til himmel, men å bringe himmelen til jorda. Sunt kristent sjølvmedvit handlar ikkje om å ta etter verda, men å føre verda til å erkjenne sanninga om seg sjølv.

Ei samtid som ikkje trur på synd, må bli vist tilgjevinga si kraft. Ei samtid som har mist si sjel, må møte truande menneske. Ein generasjon som avviser ein personleg Gud, nåde, under, inkarnasjon og oppstode, må møte ei levande kyrkje. Menneske som er skeptisk til organisert religion, må møte truande som forvaltar heilage sakrament der himmelen bryt inn i historia.

Denne artikkelen stod på trykk i avisa Dagen 24. juli 2017.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s