Underkasting

Treng ein kultur ein himmel? Trengs ein metafysisk overbygnad, eller er menneskefornufta vår mest pålitelege rettesnor?

Reaksjonane på romanen «Soumission» har gitt grunn til ettertanke. Den franske forfattaren Houellebecq var på førstesida i magasinet Charlie Hebdo den dagen terroristane slo til i januar. I romanen «Soumission» (=underkasting) fortel han korleis Frankrike vert omgjort til islamsk stat etter valet i 2022. Det skjer demokratisk og utan dramatikk.

Houellebecq’s tanke er at ingen kultur kan overleve med felles verdigrunnlag utan ein himmel over livet. Den europeiske kulturen er i stigande grad prega av resignasjon og pessimisme. Kristendomen har spela fallitt som metafysisk overbygnad. Opplysningstida sine ideal om fornuft og sjølvrealisering har avskaffa Gud og himmelen, og mennesket held på å gå til grunne einsam og fortvila i universet. Hovudpersonen i romanen forsøker å gjenopplive kristendomen, men lukkast ikkje, og går over til politisk islam. Romanen utfordrar europearar til å fornye religionen sin; elles vil dette lett bli det mest fornuftige.

Ganske annleis tenkjer Bård Vegard Solhjell som åtvarar mot religionens gjenkomst og lanserer fornya vitskapstru som alternativ. Spørsmålet er om det ikkje er denne trua som banar veg for religionen. Vitskapen har gitt oss ny lærdom om korleis verda er bygd opp. Men vitskapstrua har rive himmelen over livet og etterlate mennesket som depressiv ateist.

Over heile Europa vert det meldt om fallande kyrkjegang og sviktande presterekruttering, inntektssvikt, liberalisering og privatisering med påfylgjande nedbygging av den kristne kyrkja. Dette varslar også at europeisk sjelsliv er iferd med å bli alvorleg utarma.

Å gje menneska noko å leve for, eksistensielle verdiar, kan ingen ærleg vitskapsmann. Menneska treng ei tru som ikkje har vakse fram or reagensrør og «field research». Det kan berre religionen gi.

Angela Merkel foreslo nyleg kyrkjegang som alternativ til framandfrykt. Ikkje minst i møte med dei religiøst mykje meir medvitne innvandrargruppene, vert den gamle europearen sett på prøve. Houellebecq meiner kristendomen kan stå seg berre gjennom ei fornya inderleggjering, elles vil autoritær islam overta ikkje berre Frankrike.

Tradisjonen frå opplysningstida har i vår generasjon enda i ein sjølvdyrkings-kultur utan himmel og utan Gud. Alternativet er å ta den trua vi har arva på alvor og gå oftare i kyrkja enn på treningsstudio. Elles kan Houellebecq få rett så altfor snart.

Denne artikkelen stod på trykk i avisa Dagen 1. oktober 2015.

Advertisements