Granstevnet: – Identitetsskapende for NKK

Medlemmene i Den nordisk-katolske kyrkja har tre dagar til endes vore samla på Gran for å tilbe og takka Gud, feira messa, be tidebønene og for å bli oppbygde i vår heilage tru.

IMG_3764
Søsterkirkene på Gran.

Den nordisk-katolske kyrkja har teke vare på den norske tidebønnstradisjonen, og ber Davidssalmane etter melodiar som er kjende som dei åtte kyrkjetoneartane. Dette var også tradisjonen i Noreg gjennom heile mellomalderen, men med den skilnaden at tekstane var på latin. Ein komite beståande av kantorar har gjort ein stor jobb med å tilpassa fleire av desse melodiane til tidebønstekstane våre. Desse vart brukt under stemnet i år. På sikt vil kyrkja vår gje ut dette pionerprosjektet i hefteform. Erfaringa frå stemnet er at dei gamle melodiane fungerer svært godt også i dag. Kor godt tilpassa dei er til akustikken i våre gamle steinkyrkjer er også blant innsiktene me sit att med.

Messefeiringa og tidebønene var i det heile rørande og meiningsfullt å få vera med på, der dei som gjorde kantorteneste og dei som gjorde alterteneste gjorde sitt ytterste for å skapa ei felles tilbeding som var Gud verdig. Det var stor konkurranse om systerkyrkjene på Gran denne helga, så me måtte ha våre messer tidleg om morgonen. Å begynna dagen med messefeiring i mørket for så å gå ut til soloppgang og gyllent haustløv er eit av dei visuelle inntrykka som ikkje kjem til å forsvinna med det første.

10685505_10152430510407584_1243450983917258292_n
Diakon Michael, subdiakon Erik, biskop Roald Nikolai, fader Lauritz og subdiakon Øystein etter messefeiring sundag kl 7.30.

Med foredrag ved biskop Roald Nikolai, Bjørn Are Davidsen, fr. Olav Paulinus og teolog Folke Olofsson har me i år fått læra om den kristne skapartrua i vår tid. Biskop Roald framheva det kristne verdsbiletet om eit velorganisert kosmos som spring ut av trua på ein skapargud, i kontrast til tradisjonen frå moderne opplysningsfilosofi. Myteknekkaren Bjørn Are Davidsen fortalde mellom anna om lærebøker i norsk skule som inneheld usanningar om at den kristne kyrkja såg vitskapsframstega i mellomalderen som eit trugsmål. Fr. Olav Paulinus og Folke Olofsson sine føredrag handla om skjæringspunktet mellom kyrkja si tru og personleg tru.

IMG_3761
Nokre av tilhøyrarane under føredrag på laurdag.

Kor viktig det sosiale fellesskapet og personlege samtalane er på eit slikt stemne, kan knapt overdrivast. Dette var då også ein del av biskop Roalds oppsummering før avreise sundag.
– Granstevnet er identitetsskapende for NKK, og viktig for vårt fellesskap, sa biskopen i det han takka alle som hadde jobbba for å realisera stemnet.

Subdiakon Øystein J. Lid