Bønehald i tropevarme

IMG_6768

Me held fram med å tilbe Gud sjølv om varmerekordane fell ein etter ein rundt oss. Inne i Holdhus gamle kyrkje var det dessutan kjøleg då fr. Svein Bartolomeus onsdag 9. juli leidde tidebøn for både fastbuande og hyttefolk. 24 personar hadde møtt fram til tradisjonell tidebøn i kyrkja. Opplegget for vesper er laga av Den nordisk-katolske tidebønskomiteen.

Fusa-sokneprest Roar Strømme og Den norske kyrkja er med-arrangør av tidebønene i Fusa, og Strømme har så langt leidd bønene ein onsdag – då ut frå eit opplegg frå den nye salmeboka til Den norske kyrkja.

2014-06-25 19.00.50
Interiør i Holdhus gamle kyrkje. (Foto: fr Olav Paulinus Øien) Madonna-statua som kan sjåast oppe i biletet, er den einaste bevarte i sitt slag frå katolsk tid (1400-talet) her til lands. Her kan sjåast ein video av den omfattande restaureringa statua gjekk gjennom for eit par år sidan.

Subdiakon Øystein J. Lid

når eit barn oppfører seg dårleg

Aside

Dersom dotter di oppfører seg dårleg, sjå ikke på henne med eit sint blikk. Lat som om du ikkje merkar det, og omfamna i staden sjela hennar med bøn og kjærleik. Då skal du sjå at ho roar seg ned. Dine gode kjensler har ein god påverknad på andre, medan vondskap avlar vondskap.

Sankt Porfyrios (1906-1991)