Tidebøner i Holdhus kyrkje

Holdhus kyrkje

For tredje gong denne sommaren arrangerte Den nordisk-katolske kyrkja saman med Den norske kyrkja onsdag 25. juni tidebøner i Holdhus kyrkje  Femten stykMadonna Holdhusk møtte opp – noko som  har vore snittet på dei to tidlegare fellesbønene.

Det var sokneprest Roar Strømme som leia vesperen, og han fortalde om den lange tidebønstradisjonen som hadde vore i Holdhus kyrkje og om inspirasjonen som kom frå keltisk kristendom via Lyse kloster og til Fusa og Vestlandet.

Holdhus kyrkje er ei gamal kyrkje på holdhusein gamal kyrkjestad. Ho er nemnd første gong i ei inventarliste frå 1306 og har stått som stavkyrkje iallfall fram til 1721. Kyrkjeklokkene, delar av veggane og ein madonnaskulptur er frå den første tida. Skulpturen er den einaste bevarte Mariastatua i Norge som er laga av stein (kalkstein).

Dei to føregåande tidebønene vart leia av fr. Svein Bartolomeus. Då brukte ein Den nordisk-katolske kyrkja sine tidebøner, og ein brukte tid på lett undervisning om tidebøner generelt og øving på melodiar.

 

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s