For tredje gong denne sommaren arrangerte Den nordisk-katolske kyrkja saman med Den norske kyrkja onsdag 25. juni tidebøner i Holdhus kyrkje Femten stykk møtte opp – noko som har vore snittet på dei to tidlegare fellesbønene.
Det var sokneprest Roar Strømme som leia vesperen, og han fortalde om den lange tidebønstradisjonen som hadde vore i Holdhus kyrkje og om inspirasjonen som kom frå keltisk kristendom via Lyse kloster og til Fusa og Vestlandet.
Holdhus kyrkje er ei gamal kyrkje på ein gamal kyrkjestad. Ho er nemnd første gong i ei inventarliste frå 1306 og har stått som stavkyrkje iallfall fram til 1721. Kyrkjeklokkene, delar av veggane og ein madonnaskulptur er frå den første tida. Skulpturen er den einaste bevarte Mariastatua i Norge som er laga av stein (kalkstein).
Dei to føregåande tidebønene vart leia av fr. Svein Bartolomeus. Då brukte ein Den nordisk-katolske kyrkja sine tidebøner, og ein brukte tid på lett undervisning om tidebøner generelt og øving på melodiar.