Fr. Ottar Myrseth: «Den tredje arena»

Etter filosofen Hegel har uttrykket «tidsånda» blitt brukt om det i samtida som er større enn oss og som vi har vanskeleg for å distansere oss frå. Vår tids ånd er prega av at det offentlege livet er blitt reint sekulært. Helse- og skule-vesen er religions-nøytrale. Kristent menneskesyn er under åtak. Familien og ekteskapet vert ombygde. Kristne kyrkjer bøyer seg for tidsånda og er ikkje lengre det uomgjengelege fundamentet den vestlege kulturen bygg på.

Det politisk korrekte får forrang i kyrkjeleg praksis og forkynning. Folkekyrkja minner stadig meir om Folkets Hus. Og der dei store går føre, fylgjer dei mindre etter. Frimodig forkynning vert mangelvare. «Verdiar» erstattar sanninga, og vert avgjort ved fleirtalsvedtak etter politiske prosessar. Det kostar å heise flagg mot tidsånda.

Slike tider splittar dei truande. Dei som trufast held på dei gamle sanningane, vert marginaliserte i sine kyrkjer og fellesskap. Mange teier. Somme dreg seg attende. Andre melder seg ut. Difor trengst det idag mobilisering på tvers av kyrkjer og konfesjonar.

Den kristne filosofen C.S. Lewis nytta uttrykket «mere christianity», berre kristendom. Tidsånda har berre plass for samtids-fornuften. Men «mere christianity» er at Gud er større enn oss, og vår lukke er å leve etter hans fornuft. Gud seier at kvart menneskeliv er ukrenkjande, at ekteskapet er «eit stort mysterium», at mennesket er eit åndeleg tempel, at familieliv er eit guddomeleg oppdrag, og at borna høyrer Herren til.

C.S. Lewis skriv at der er ein orden i universet som menneske med ulik tru kan erkjenne. På slikt grunnlag kan mange som trur at Jesus er den levande Herre over kosmos, arbeide saman. Dei som innser at kampen mot tidsånda handlar om meir enn konfesjonelle ulikskapar og at det heilage er under åtak. Dette er den tredje arena.

Her trengst mobilisering. Den tredje arena er nivået over våre kyrkjelydsfellesskap. Der kan lutheranarar og katolikkar, pinsevener og baptistar, misjonsfolk og karismatikarar lære av og styrke kvarandre, skape visdoms-baser og front-fellesskap.

Vi vil sikkert bli usamde, men når vi  står saman om Skrift-lojaliteten og saman vil vende attende til Jesus, kan vi saman avsløre kva som står på spel. For den Logos som held heile verda ihop, er ikkje ein idé, men ein person.

Og det som er sant, er sant sjølv om ingen gjer det, og det som er usant, er usant sjølv om alle gjer det.

fr. Ottar Mikael Myrseth, prest i St. Olav misjon, Ålesund

Advertisements