Pilegrim frå DNKK i Allers

Også den kulørte ukepresse kan frå tid til annan slå til med stoff som kan vera verd å lesa. Påskenummeret til Allers, som er i sal no, er eit døme på det. Medlem i Den nordisk-katolske kyrkja, Inger Lill Lauvnes, fortel om ein viktig del av hennar trus-reise, nemleg å gå pilegrim.

Etter å ha levt eit liv stort sett utanfor eit kyrkjeleg fellesskap, fann ho fram til Den nordisk-katolske kyrkja. «Det var først da hun kom i kontakt med den katolske kirken, at brikkene falt på plass. Og kanskje viktigast av alt; katolikker har pilegrimsreiser som en del av religionsutøvelsen sin. Nå ville hun legge ut på vandringer til hellige steder for å komme nærmere seg selv, og nærmere den guden hun hadde avvist i årevis», skriv journalisten.

Ho fortel om turar til fots gjennom fleire europeiske land, om gnagsår og avrivne neglar, om smerter og åndelege innsikter i løpet av turane. Ho har mellom anna gått heilt frå Canterbury i England til Roma, ein avstand på rundt 200 mil, i middelalderen kjent som «Via Francigena».

– Jeg opplever dette som eg slags kall. Vi lever i en verden hvor vi bomarderes av inntrykk. Det er så mye som står mellom folk og Gud. Når du er ute og går slik, kan tankene vandre uforstyrret om de store spørslene – hvem er jeg? Hvorfor er jeg? Og hvordan er jeg?, seier Lauvnes til Allers.

I tillegg er møte med munkar og nonner langs vegen, som ser det som ei åndeleg plikt, og gje pilegrimane hjelp og støtte, eit punkt Lauvnes dreg fram.
– Jeg har hatt uforglemmelige møter med nonner og munker som har velsignet meg, og fylt sekken min med mat. Det er rørende å oppleve den innsatsen folk legger for dagen for å skaffe en trøtt pilegrim soveplass for natten, seier Lauvnes.

Lauvnes sitt neste prosjekt blir å besøka stadene der jomfru Maria skal ha vist seg i Europa. Denne reisa, som no er under planlegging, skal føregå via sykkel, og kjem truleg til å ta eit heilt år.

Eit par ekstra bilete kan sjåast her. For resten av artikkelen, er det berre å stikka ned på næraste butikk og kjøpa bladet!

Subdiakon Øystein J. Lid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s