Feiring av Ingrid Gjertsens 70-årsdag

jubilanten
Vår kjære ven og syster i Kristus, Ingrid Maria Gjertsen, fyller 70 år i desse dagar. Storhendinga vart feira i kyrkjelyden der Gjertsen er medlem, Sta. Sunniva kyrkjelyd i Bergen, sundag 16. februar.

Etter messefeiring med biskop Roald Nikolai som celebrant og Gjertsen som kantor, vart gjestene eskorterte til Welhavens gate 66, der kyrkjekaffien vart inntatt som del av bursdagsfeiringa.

Gjertsen, som har jobba eit heilt liv med folkemusikk, og skrive bok om emnet, hadde mange musikalske gjester i selskapet.

Her er nokre videoar frå festen:

Ni vers av Petter Dass salme «Herre Gud ditt dyre navn og ære» vart sunge i originalutgåva, og Stig Wernø Holter trakterte pianoet.

Solgunn Flaktveit kvad kaffislåtten før kakene vart sett på bordet.

Prest Helge Unneland kvad ein religiøs folketone frå Nordmøre med tekst om den bortkomne sauen.

Folkemusikaren Einar Mjølsnes spelte på hardingfele for festlyden.

Mange tok elles ordet for å takka jubilanten, blant dei soknepresten i Sta. Sunniva kyrkje, fader Olav Paulinus Øien. Han sa det mange tenkte, at Ingrid har vore eit førebilete for oss i så mykje, og kanskje spesielt når det gjeld gjestfridom. Ho har lært oss å bli glade i den salmeskatten me har, har lært oss å be tidebøner, og introdusert oss til den benediktinske visdommen. Kva ville påskelovsongen i Sta. Sunniva kyrkjelyd vore utan hennar undervisning?

Me ynskjer Ingrid Maria hjarteleg til lukke med dagen!

Subdiakon Øystein J. Lid

Advertisements

2 responses to “Feiring av Ingrid Gjertsens 70-årsdag

  1. Å, Ingrid, jeg er så utrolig glad for at du finnes i NKK’s midte! Gratulerer så masse med jubileum…klem og hilsen fra «utposten»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s