Fr. Ottar Myrseth: Guds bilete

I dagsaktuelle kontroversar vert vårt syn på mennesket stadig sett på prøve. Då trengs tydeleg forkynning av Guds syn på oss. «Lat oss skape mennesket i vårt bilete, i vår likning,» seier Gud i skapinga (1.Mos 1,26). Mennesket er gitt eit uutsletteleg gudspreg til å leve eit liv i etterlikning av den heilage Gud sjølv.

I gudmennesket Jesus har Gud gjenoppretta sitt bilete på jorda, og sett som frelsesmål for oss å «verte fornya etter sin Skapars bilete» (Kol 3,9f).

Gud arbeider som biletkunstnar som formar etter eit forbilde. Dette forbildet er Kristus. Her på jorda framstår det himmelske biletet berre som ein skugge (Hebr 10,1), men ein gong skal vi erkjenne og ære desse skuggane som verkelege. Slik vatnet i dåpen er meir enn vatn og brødet i nattverden er meir enn brød. Våre medmenneske er ikonar som Gud vil reise opp til himmelsk herlegdom.

Kristen forkynning gir somme tider inntrykk av at Gud vart berre ord og ikkje menneske. Då kjem menneskesynet i ubalanse. Orda tek bustad i arkivet. Men Ordet busette seg hjå oss, midt i våre liv, som vår næraste slektning. Difor er bilete så viktige i formidlinga av himmelen på jorda. Det vi ser er like viktig som det vi høyrer, det vakre like viktig som det sanne.

Menneska er Guds-ikonar som har hamna i veggrøfta og blitt skada. Og som ein miskunnsam samaritan, skal kyrkja hente dei opp for å reinse og restaurere dei og gi dei eit herberge til Jesus kjem att.

Kristen tru reknar med konformitet mellom Gud og mennesket. Difor er kommunikasjon muleg. Mennesket har guddomelege evner. Inkarnasjonen (at Gud vert menneske) er det fremste uttrykket for korrespondansen. Guds fødsel som menneske er føresetnad for menneskets guddomelege atterføding. Guds jul endar med menneskets himmelfart.

Difor treng vi å gi dei kristne bileta, fremst av dei ikonane, plass i gudstenesta vår.

Inkarnasjonen gjorde det uråd for den kristne kyrkja å la vere å skape bilete. All nåde og sanning vart synleg med biletet av den usynlege Gud. Bileta formidlar sider ved Guds frelseshandling som ord ikkje kan erstatte.

Johannes av Damaskus (700-talet) skriv at ikonet si oppgåve er å opne mot det himmelske, å vise oss det som foregår i himmelen. Ord eller jordiske former kan ikkje klart framvise himmelen, men bileta kan. Dei har same innhald og meining som evangeliet. Forkynniga skal vere eit verbalt ikon. Ikonet eit måla ord.

Fr. Ottar Mikael Myrseth. Innlegget stod også på trykk i Dagen 12. februar.

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s