Ny generalvikar og adventsfest

Sundag 8. desember blei fader Ottar Mikael Myrseth innsett som generalvikar i Den nordisk-katolske kyrkja. Sta. Sunniva menighet i Bergen var vertskap for storhendinga, og biskop Roald Nikolai Flemestad leidde først innsetjingsseremonien før han stod i spissen for den påfølgjande messefeiringa.

Fader Ottar med frue, og mange barneborn.

– At eg blir generalvikar tyder at eg kan avlasta biskopen med ein del arbeidsoppgåver, og kan vera biskopens talerøyr i Noreg, forklarte fader Ottar på kleresimøtet i Selja prosti kort tid i førevegen. På grunn av vårt veksande arbeid i Europa, der stadig fleire grupperingar vender seg til oss og Scranton-unionen, har biskop Roalds reiseverksemd og arbeidsbyrde blitt stor. Fader Ottar tek altså på seg ein del av ansvaret for arbeidet innanlands.
– Eg gjev frå meg halve kongeriket med vitande og vilje, var biskop Roalds humørfylte skildring etter innsetjinga.

Som vanleg når biskopen er til stades var det ekstra stas å feira messe, med vakker song og mange deltakarar. Etterpå samla desse seg i Storetveit menighets forsamlingshus (på Minde) for både å feira den årlege adventsfesten i kyrkjelyden og fader Ottars nye gjerning. Både nye og gamle vener delte buffet og kaffimat, og ungane hadde juleverkstad og pynta pepperkaker.

. Nokre jenter koste seg med å pynta julekaker.

Lekbror Anton Zayceve frå St. Elisabeth kloster i Kviterussland stilte opp for å selja ikonar og kyrkjeutstyr, og fortalde om klosterets omfattande arbeid blant psykisk utviklingshemma menneske og personar med Downs syndrom – Guds spesielle born, blei dei kalla i klosteret.

Biskop Roald heldt deretter visitasføredrag, der han oppmuntra kyrkjelyden til å halda fast ved trua, sjølv om det kan vera vanskeleg når det meste i samfunnet går ein annan retning, og dei fleste er opptekne med heilt andre ting enn kristent liv og tru – noko som speglar seg att i medlemstala i dei fleste trussamfunn – også vårt. Han delte Efeserbrevet 5, 15-20 med forsamlinga, der det står: «Pass difor nøye på korleis de lever, ikkje som ukloke, men som kloke menneske, så de nyttar den dyrebare tida godt, for dagane er vonde. Ver ikkje uforstandige, men forstå kva som er Herrens vilje. Drikk dykk ikkje fulle av vin, det fører til utskeiing, men bli fylte av Anden og syng saman, med salmar og hymner og åndelege songar. Syng og spel av hjartet for Herren! Takk alltid vår Gud og Far for alle ting i namnet åt vår Herre Jesus Kristus.»

Til slutt blei det delt ut litt skryt, og få protestar var å høyra på det:
– Eg er imponert og glad over å sjå det gode samarbeidet som finst i Sta. Sunniva menighet, og fader Ottar, du må vel vera stolt over å vera prost over eit slikt prosti, sa biskopen.

For fleire bilete frå dagen, gå til DENNE adressa.

Subdiakon Øystein J. Lid

Advertisements

One response to “Ny generalvikar og adventsfest

  1. Tilbakeping: Adventsfesten og generalvikaren | Den nordisk-katolske kirke i Bergen·

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s