Audmjukskap i ei sjølvsentrert tid

I ei tid der egoet styrer og sjølvet blir løfta fram, verkar det vanskeleg for folk å sjå verdien av å vera audmjuk. Mange menneske, frå politikarar til artistar, verkar å klatra suksess-stigen på alle andre måtar enn gjennom audmjukskap. I vår formørka tilstand – der synd dominerer liva våre og dårlege vanar verkar vera uoverkomelege – er heilagt liv noko som har med helgenar å gjera, og uoppnåeleg for oss. Fastlåste i våre vanemessige handlingsmønster verkar det vera mange som rett og slett har gjeve opp vona om verkeleg endring.

Motgifta til denne handlingslamminga finst i ei enkel handling som alle kan gjera, nemleg omvending. Me fell ned framføre vår Gud medan me vedkjenner våre svik mot Kristi bod og spør om hans hjelp til å snu liva våre i rett retning. Me forpliktar oss til å slå ned egoet og å oppnå eit audmjukt hjarta. Me nyttar oss av kvart høve til å ta i mot korreksjonar eller kritikk frå andre, utan å bli defensive. For me kjenner sanninga i orda til heilage Johannes Klimakos (569 – 649): “Slik mørket dreg seg bort når lyset kjem, slik flyktar bitterheit og sinne når dufta av audmjukskap stig opp”.

Me avstår frå å døma nokon, men undersøkjer heller vårt eige samvit, og anklagar berre oss sjølve. Heilage Makarios den Store sa det slik: “Kristne bør heile tida streva etter å aldri døma andre. Døm ikkje den prostituerte på gata, og fordøm ikkje dei som syndar i det opne eller er uordentlege. Men sjå alle menneske i same lys, med eit reint auga, slik at det blir ei fast naturlov aldri å forakta nokon, aldri å avsky nokon, aldri gjera skilnad på menneske. Dette er reinskap i hjartet: når du ser syndarar eller sjuke folk, ha medynk med dei og ver varmhjarta mot dei.

Teksten er skriven av abbed Tryphon (som har slektsrøter i Noreg) i All-Merciful Saviour Monastery på Vashon Island, Washington, USA. Den engelske orginal-teksten finst å lesa HER.

subdiakon Øystein J. Lid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s