To nye oblat-noviser ved Holy Cross

I desse dagane er fire nordmenn på besøk i Holy Cross Convent i Nottinghamshire, benediktinar-klosteret som Den nordisk-katolske kyrkja i lang tid har hatt ein spesiell venskapsrelasjon til. Me møter våre kjære sysken i trua, nonnene ved klosteret, til felles bøn, samtale og måltid, samt Graham Stevenson som ordnar med det meste (skaffar oss rimelege togbillettar, ikkje minst!) og held oss med lag etter at søstrene går til ro rundt 20.30.

Eit av føremåla med turen er at Graham og fr. Roy-Olav saman blir formelt opptekne som oblat-noviser ved klosteret (Oblat: ein lekperson som er tilknytt eit kloster og er bunden av ein modifisert klosterregel, men utan å ha gjeve dei evige klosterlovnadene.). Etter vesper kl 16 på minnedagen for den britiske misjonæren st. Paulinus, blei seremonien gjennomført. Fr. Roy-Olav valde å ta namnet Paulinus som oblat-novise, og kan frå no av kallast Fr. Olav Paulinus i kyrkjelege samanhangar. Graham Stevenson, som er ein stor noregsven, tok også namnet Olav, etter vår nasjonalhelgen.

Seremonien blei styrt av moder Mary Luke, som er leiar for klosteret. Ho spurde postulantane «For what purpose are you here?» – Kva søkjer de her?, og fekk som svar: Eg har kome slik at eg i større grad kan prøva mitt kall som oblat ved dette klosteret. Postulantane blei iført skapula (ein del av kloster-bunaden) tilsett heilagvatn, og bedne over:

«Herre, Gud over alle, du kalla vår velsigna fader Benedikt til å etablera ein skule til teneste for deg – gje desse dine tenarar fr. Olav Paulinus og Graham Olav, som ønskjer å følgja Benedikts regels ånd, å sigra, utan nokon gong å trøytna. »

Etter seremonien vanka det gratulasjonar frå alle hald, samt mat og drikke på gjestehuset ved klosteret.


Fra venstre: sr. Mary Cathrine, sr. Mary Bernadette, Sissel Øksnevad, Ingrid Maria, moder sr. Mary Luke, sr. Mary Julian, ein gjest ved klosteret, Graham Olav og Fr. Olav Paulinus.

Gå til denne adressa for å sjå større bilete:
Subdiakon Øystein J. Lid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s