Basil den Store om takksemd

Når du sit deg til bordet, be. Når du lyfter opp brødet, takk gjevaren. Dersom du drikk vin, hugs på Han som forsyner deg med denne gåva, for å gleda hjarta og lindra dårleg helse. Når du tek på deg ei skjorte, takk gud for den. Når du tek på deg ei jakke, ha dess sterkare kjærleik til Gud, som både sommarstid og vintertid gjev oss passande klede. Dei både held oss varme, og skjuler det som ikkje sømer seg å syna fram. Er dagen over? Gje takk til Han som har gjeve oss sola til vårt daglege virke, og elden for å lysa opp nattemørket. Del natta mellom søvn og bøn. Når du kikar opp på himmelen, og ser så vakre stjernene er – be til Han som har skapt dei alle, han som er Herre over den synlege verda, og universets arkitekt. Når du ser all naturen hylla inn i eit teppe av søvn, tilbe igjen Han som gjev oss søvnen, slik at me får kvila frå slit og strev og får nye krefter.

Basil av Caesarea (330-379), frå «Martyren Julitta»

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s