Stemnerapport!


(Foto: Fr. Roy-Olav Øien)

Mange i kyrkja vår har lenge gått med ein draum om eit eige nordisk-katolsk sommarstemne. Helga som var gjekk draumen i oppfylling. Born, unge og eldre var samla på Hermon Høyfjellshotell, som skulle visa seg å overgå forventningane våre på dei aller fleste område.

Stemnet starta fredag med eit inspirerande føredrag frå fr. Klaus Mass som er generalvikar for systerkyrkja vår «Die Christ-Katolische Kirche in Deutschland». Det var minnedagen for martyren Edith Stein (1891 – 1942) og fr. Mass, som har gjeve ut bøkene hennar på tysk, kunne gje oss eit godt bilete av kvifor kyrkja vår reknar henne for å vera ei heilag kvinne. Som kvinnelig akademikar, jøde og nonne hadde ho eit liv fullt av utfordringar, og gav til sist livet i ein nazistisk konsentrasjonsleir.

Elles var tidebønn valt som eit spesielt tema for leiren. Fader Tom og Margarete Hængsle gjorde ein utmerkt jobb med å læra oss «nye» tidebønsmelodiar (eigentleg var vel dei fleste frå middelalderen, men dei var nye for oss). Fader Asle Dingstad hadde ein innsiktsfull og oppbyggjeleg bibeltime om kvifor me ber tidebøner, som inspirerte oss til å setja endå meir pris på denne arven frå oldkyrkjelege og jødiske kjelder.

Det blei også tid til mange kjekke aktivitetar for små og store born, spesielt i badelandet som ligg på Hermon. I ruinane frå den legendariske Hermon-parken fann borna dessutan eit uendeleg oppkome av leikeapparat, enorme legoklossar og andre kuriositetar. For somme var det likevel å plukka blåbær som var kjekkast. Laurdagskvelden blei avrunda med ei samling der biskopen fortalde mykje nytt og spanande frå den nordisk-katolske kyrkja og Scranton-unionens sitt virke i Europa. Det ser ut til at framtida vår blir minst like spanande, som fortida.

Sjølvskrive på sundag er messefeiring. Fader Svein Bartholomeus hadde funne Hovet kyrkje, som me fekk leiga for høvet, og dette viste seg å vera ei både vakker og veleigna kyrkje. Messa blei ein skikkeleg «høydare» (pontifikalmesse), og me gjekk derifrå styrkte både i trua og i samhaldet.

Det blei vedteke på leiren at me gjerne vil gjenta suksessen til neste år, men då sannsynlegvis i den første veka av fellesferien (i juli). Fleire detaljar får koma seinare. På gjensyn til neste år!


På Laurdagen var det tur til eit gardstun bygt etter byggjeskikken i Hallingdal.

SJÅ FLEIRE BILETE HER

Subdiakon Øystein J. Lid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s