Inspirasjonsdag: Evangelisering

Programmet for evangeliseringsdagen i Oslo 31. august er no klart. Ved å klikka på biletet kan ein lasta ned eit PDF-dokument med detaljert program. Mellom anna vil biskop Roald Nikolai Flemestad halda føredrag om evangelisering, og i tillegg blir det lagt opp til ein samtale om å korleis ein kan møta andre menneske med eiga tru. Som avsluttande føredrag vil fader Ottar Myrseth føreslå ein evangeliserings-strategi for oss. Evangeliseringsdagen 31. august er også dagen Den nordisk-katolske kyrkja minnest heilage Aidan av Lindisfarne (+651). Munken re-evangeliserte delar av England etter ei tid med tilbakegang for kristendommen. Eit godt føredøme for vår tid! Det heiter om sankt Aidan at han gjekk frå den eine bygda til den andre, og førte høfleg samtale med dei han møtte, og på den måten vekte han sakte, men sikkert ei interesse for kristendommen hjå tilhøyrarane.

Subdiakon Øystein J. Lid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s