FAMILEHELG PÅ TEGLAND – med messefeiring sundag 16.juni

center
Bilete frå familiehelga på Pilegrimstunet i Hålandsdalen, sommaren 2012. Der får ein høva til å leva ut det gamle ordet om bøn og arbeid (ora et labora) i praksis. (FOTO: Øystein Lid)

Til helga er det familiehelg for Sta. Sunniva kyrkjelyd på Tegland i Øvre Hålandsdal. Gjennom helga blir det tidebøner i hidlerkapellet, leik, sosiale aktivitetar og enkelt dugnadsarbeid.

Sundagen blir det messefeiring kl. 11.00. Det er 3. sundag etter trinitatis, og ut frå evangelieteksten for sundagen vil me få høyra om Gud som alltid elskar oss og lengtar etter oss og korleis Herren ynskjer å dra kvar og ein av oss inn til seg. Fr. Svein Bartolomues er predikant og celebrant.

Etter messa er det matfellesskap med grilling og kaffimat. Ta med grillmat – og gjerne ogso noko å bita i til kaffien. Det blir lagt opp til aktivitetar til lands og på vatnet, slik som kanopadling, bading og ulike ”hageleikar”. Pass på å ha med flytevest!

Ein bør rekna eit par timar køyring frå Bergen. Frå Eikelandsosen kjem ein til gards på vel ein halvtime.
Velkomne til Tegland og Pilegrimstunet i Hålandsdalen!

Fader Svein Bartolomeus Tegland

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s