Årets pinsestemne i Ålesund

Me er i Ålesund på det årlege pinsestemnet i Selja prosti, hjå vertskyrkjelyden St. Olav. Fantastisk vær har gjeve oss fleire turar på fjorden i kano og solbrente ungar. Ein av ungane er misunneleg på dei som bur her i byen, der det alltid er blomar og fint vær. Slik var det nemleg i fjor også på stemnet.

Innimellom grilling og ballspel er det tidebøner og gudstenester. Hektisk program, men desto meir minnerikt. Her er berre nokre få bilete, og dersom dei andre deltakarane på stemnet er flinke å senda meg bilete, så kjem det fleire å sjå i dette bilde-streamen etterkvart.

Elles heldt redaktøren for bloggen laurdag kveld føredrag for deltakarane om Den Heilage Ande i katolsk-ortodoks tradisjon til forskjell frå i karismatisk tradisjon. Kanskje eg kan publisera noko av det på bloggen eller andre stader, dersom det er interesse for det.

God pinse!

Subdiakon Øystein J. Lid

Advertisements

Fleire bilete frå biskopens 70-årsdag

13. mai hadde Dagen sitt oppslag om overrekkinga av festskriftet «Motstand og tilbedelse» til ære for vår biskop, Roald Nikolai Flemestad. Journalist Boe Johannes Hermansen er venleg å la Den nordisk-katolske bloggen få bruka biletet av hendinga, som syner bok-redaktørane fr. Ottar Mikael Myrseth (t.h.) og Ole Christian Bråten saman med jubilanten under overrekkinga:


(Foto: Boe Johannes Hermansen)

I tillegg har diakon Jan Haug tatt ei rekkje bilete av den store festen og dei mange talane i høve 70-årsdagen. Gå til DENNE ADRESSA for å sjå dei som bildeframsyning, eller HIT for å få ei oversikt. Biletet under syner ein del av festlyden som samla seg i Gjestehuset Lovisenberg i Oslo:

Professor emeritus Bernt Oftestad heldt også festtale, i tillegg til å vera representert i «Motstand og tilbedelse» med ein interessant artikkel om den kronglete vegen frå protestantisme til katolisisme:

Subdiakon Øystein J. Lid

Bryr pavevalet oss?

Pavevalet har opna mange aviser for uventa mykje stoff om den romersk-katolske kyrkja. Likevel er det mest vanleg at protestantar og lågkyrkjelege les dette som kuriosa. Skulle andre kristne enn dei romersk-katolske bry seg om pavevalet?

Eg vil gi fleire grunnar til at svaret er ‘ja’.Den romersk-katolske kyrkja er tross alle sine problem, stadig ein institusjon som med tyngde vitnar om noko som ikkje er som denne verda. Ei kyrkje lever ikkje etter massemedia sin dagsorden og svingar ikkje i takt med samtids-opinionen. Men slik er det ikkje lenger i dei vestlege folkekyrkjene.

Som fremste kyrkje-leiar, er paven ein viktig signalgjevar. Dei to siste pavane har vore moralske og teologiske gigantar. Med si uredde forkynning mot vår tids dødskultur og relativisme, har dei vunne tilhøyrarar også utanfor den romersk-katolske kyrkja. Og med si framheving av livsens evangelium (Evangelium Vitae), har dei både forma vokabular og gitt intellektuelt rammeverk vi treng i diskusjonar om kristen tru i vår tid.

Dei har stadig mint om at framsteg ikkje er framsteg utan det tener heile mennesket. Då høyrer ikkje berre materielle, men også åndelege og moralske verdiar med.

Paven har vore ein viktig medspelar i kampen for sanninga, at noko er sant og noko usant for både einskildmenneske og regjeringar. Med den veksande sekularismen og multikulturen har det følgd ei relativisme som gjer livet utrygt for menneske og trugar framtidsvona. I paven har vi hatt ein framifrå alliert i denne kulturkampen og i dei politiske stridane som har følgd med. Når dominerande trendar går i retning av å sjå bort frå etiske normer og bruken av kategoriar som rett og galt, har ofte paven slått alarm og vore den mest uredde på banen.

Det har både ortodokse, evangeliske og andre katolske kristne verdsett med god grunn.

Vi treng slike alliansar mot den aggressive sekularismen. Paven er medspelar i kampen for at alt menneskeliv er ukrenkjande og har lik verdi frå unnfanging til død. Vi står saman om å hevde det kristne ekteskapet som sameining av éin mann og éi kvinne.

Sist men ikkje minst er paven ein viktig alliert for det ekumeniske arbeidet vi alle er forplikta på, ‘at dei alle må vere eitt’ (Joh 17). I eit samfunn prega av brotne institusjonar, brotne familiar og brotne personar, trengs det kyrkjer som står saman over kyrkjesamfunns-grensene.

Alle kristne i vår tid treng slike førebilete og signalgjevarar.

fr Ottar Mikael Myrseth. Lesarinnlegget stod på trykk i Dagen i april.