Noko å strekkja seg etter


F.v.: Fader Svein Bartolomeus, fader Matteus, fader Roy-Olav. (Foto: Øystein J. Lid)

I helga vår kjære nye ven, Fader Matteus Maria Furemalm frå Sverige, på besøk i Sta. Sunniva kyrkjelyd. Han er prest i Den nordisk-katolske kyrkja i Sverige. (Meir om hans bakgrunn kan lesast i denne korte sjølvbiografien). Mellom anna er han ein dyktig liturg både teoretisk og praktisk (så vidt me kan forstå) og kunne gje kleresiet i Bergen mykje god opplæring og forklaring om kvifor ein gjer ting som ein gjer.

Foredraget «Liturgisk vett og etikett» på laurdag var både praktisk og konkret i si tilnærming til korleis ein skal opptre under gudstenesta, men også ei «gudsteneste» i seg sjølv med gode åndelege råd.
– Hadde folk verkeleg forstått kva det er som blir delt ut av presten kvar sundag – nemleg åndeleg mat som gjev evig liv – hadde dei stått i kø utanfor for å få del i det, sa fader Matteus.


Frå foredraget: «Liturgisk vett og etikett».

Han rådde prestane og subdiakonen til å opptre med stor vyrdnad for det store mysteriet og den heilage handlinga, gjennom både ord, kroppsspråk og handlingar, og forhåpentlegvis vil dette smitta over på alle som er til stades.

Fader Matteus framstod som kunnskapsrik og var vanskeleg å setja fast, om spørsmåla frå Bergenskleresiet så gjaldt økumeniske konsil, praktisk tilrettelegging, birettaer, krossteikn eller kneling. Han kunne også begrunna sine svar med henvisningar til kyrkjefedre og liturgiske tradisjonar i aust og vest.

På spørsmål frå bloggens redaktør kor fader Matteus har henta all kunnskapen sin frå svarte presten at han hadde studert emnet liturgi under teologistudiene, og at han stadig les seg opp på emnet.
– Som sengelektyre pleier ikkje eg å ha detektiv-romanar, men i staden missaler frå middelalderen, om det så er Sarum-missalet eller nidaros-missalet, sa fr. Matteus. (Eit missale inneheld dei liturgiske forskriftene, samt tekstane og bønene ein treng for å feira ei messe).

På sundagen feira me treeinigheissundagen i lag med heile kyrkjelyden, og fader Matteus heldt preika. Som vanleg kravla det borna rundt over alt, men fader Matteus tok akkurat det med stoisk ro og sa at «ein embetsberar (prest eller diakon) skal fortsetta med messa om det så kjem eit bombeangrep». Etter messa fekk fader Mats også høve til observera og korrigera det som ikkje var heilt korrekt.

Her kan ein sjå eit lite video-klipp frå kyrkjekaffien og her nokre fleire bilete:

Me ønskjer vår gjest hjarteleg velkomen tilbake, og seier takk for at han gav oss noko å strekkja oss etter.

Subdiakon Øystein J. Lid

Advertisements

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s